Grovfôrkvaliteten i Møre og Romsdal i 2018

09.01.2019 (Oppdatert: 12.01.2019) Frode Grønmyr

2018 går inn i historia som eitt av dei mest utfordrande åra for norsk landbruk på lenge. Møre og Romsdal sett under eitt har berga ganske bra, men mange har både kjøpt ekstra grovfôr og halm og fôrar meir med kraftfôr enn vanleg. Kvaliteten på fôret er bra i år, særleg på førsteslåtten.

2018 går inn i historia som eitt av dei mest utfordrande åra for norsk landbruk på lenge. Møre og Romsdal sett under eitt har berga ganske bra, men mange har både kjøpt ekstra grovfôr og halm og fôrar meir med kraftfôr enn vanleg. Kvaliteten på fôret er bra i år, særleg på førsteslåtten.

Den tørre sommaren i 2018 har vore utfordrande. Sett under eitt har Møre og Romsdal klart seg ganske bra, men variasjonen har vore stor, frå bruk som har hatt normalavling til dei som nesten ikkje har fått avling verken på første eller andre slått. Av varmesummen for kvar månad ser vi at det særleg er mai og juli som har vore spesielt varme her i fylket. Ein varm mai gjorde at graset buska seg lite, og på lett jord måtte mange ta førsteslåtten tidleg for å unngå at graset tørka bort. Varmen i juli gjorde at særleg dei som har den skarpaste jorda fekk ein svært dårleg andreslått.

Medan sommaren var rekordtørr var september og oktober rekordvåte. Ein del tredjeslått vart difor både våt og seint slått i år. Dette er fôr som vil ha ein heilt annan kvalitet enn fôret frå sommaren, ofte med både lågt tørrstoffinnhald og sterk gjæring. Men nedbøren gjorde også at mange fekk bra avling på tredjeslåtten. Med ein våt tredjeslått og tørt fôr frå tidlegare på sommaren har dei som kan mikse dei ulike kvalitetane ein stor fordel.

 

Trøsta eit slikt år kan vere at mykje av fôret har høg kvalitet. For å unngå at graset tørka vekk slo mange på eit forholdsvis tidleg utviklingstrinn, og har dermed bra med energi i fôret. Mykje sol har gitt høgt sukkerinnhald. Stabilt ver har gitt gode forhold for fortørking, og dermed god gjæringskvalitet. Vi har høyrt mange som seier at både yting, feitt og protein i mjølka har gått opp etter at dei starta på årets fôr. Dette gjeld særleg førsteslåtten. Ulempa med godt fôr er sjølsagt at dyra et meir.

Proteininnhaldet i fôret ber preg av forholdsvis låge avlingar og gjødsling med ønskje om stor avling. Særleg på tredjeslåtten, men også andreslått er det høgare proteininnhald enn vanleg.

 

Veit du innhaldet i ditt eige fôr?

Her er det kun vist til gjennomsnittstal. For å få ein best muleg oversikt over eige fôr er det avgjerande å ta fôrprøver og vege rundballar. For eksempel inneheld ein rundball på 600 kg med tørrstoffprosent på 25 og fôreiningskonsentrasjon på 0,80 120 fôreiningar (FEm), medan ein rundball på 900 kg, tørrstoffprosent på 40 og fôreiningskonsentrasjon på 0,90 inneheld 324 FEm. Altså nesten tre gonger så mykje. Ein kan dermed bomme ganske mykje berre med å tippe på innhaldet eller bruke gjennomsnittstal.

 

Dei fleste danna seg eit bilete av eigen fôrsituasjon i løpet av sommaren, og mange har kjøpt inn ekstra fôr eller justert opp kraftfôrnivået. For den som ikkje har sett inn spesielle tiltak kan det vere lurt å ta ein runde med telling av rundball ved nyttår og eventuelt ta ein prat med fôringsrådgivaren sin. Da ser ein kor fort det har minka så langt. Og det er framleis tid til å spare ein del grovfôr ved å auke kraftfôrbruken og ved å bruke fiberkraftfôr som erstatning for grovfôr.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.