Kva er eit ”ugras" ?- I eng blir både sådde og viltveksande planteartar hausta og nytta. Grensene mellom nyttige plantar og ”ugras” er meir flytande enn i åkervekstar. Det er eigenskapane hjå kvar einskild art som er avgjerande. Gode engvekstar skal gi høg avling med god kvalitet og smak. Dei bør tole mange haustingar, låg stubbing og trakk, samt gi god armering av jordoverflata. Døme på uheldige eigenskapar hos vanlege ugras er vist i tabell 1.

Tabell ugraskamp
Uheldige eigenskapar hjå ugras i grasmark.

Det er neppe praktisk mogleg, eller økonomisk lønsamt å utrydde alle ugrasplantar i eng. Små mengder ugras har sjeldan nokon påviseleg skadeverknad på avlingsmengd eller kvalitet. Kanskje kan eit lite innslag av ugras til og med verke som krydder i kosten ? Uheldige verknader vil først oppstå når innhaldet kjem over ein viss "skadeterskel". I nokre høve kan det likevel vere ein god strategi å satse på full utrydding.

Kor mykje ugras kan ein tole i eng og beite? Vi har for lite kunnskapar i dag til å fastsette nøyaktige økonomiske skadetersklar for ulike artar. Forslaga nedanfor må reknast som grovt rettleiande:

Giftige plantar: 0 %

Plantar som blir vraka: 0–5 %

Andre ugras: 10–25 %

Førebyggjande rådgjerder: Døme på førebyggjande rådgjerder mot ugras er: grøfting, kalking, unngå køyreskadar på jord og plantar, unngå for tidleg førsteslått eller for mange slåttar. Hindre spreiing frå kantar, gjennom husdyrgjødsel eller ved såfrø.

Plantesetnaden på eit skifte kan gi eit inntrykk av tilstanden når det gjeld jorda og plantekulturen på eit skifte. Fylgjande ”indikatorplantar” kan nemnast:

Tabell 2 ugraskamp
Indikatorplantar i eng og beite. Høg førekomst av visse artar på eit skifte, kan vere eit teikn på at det trengst forbetringar i jordkultur eller plantekultur.

Plantesetnaden i eng og beite er i stor grad påverka av jord og plantekultur. Førebyggjande rådgjerder åleine, vil ikkje vere tilstrekkeleg til å halde ugras borte. Derimot vil ein sjeldnare måtte ty til andre rådgjerder.

Mekaniske rådgjerder: Pussing av attlegg med slåmaskin eller forhaustar kan gi god verknad mot eittårige høgvaksne ugras som då, hønsegras, og meldestokk. Verknaden mot låge, krypande artar som vassarve eller linbendel er derimot dårleg, og pussing har vidare liten verknad på fleirårige ugras.

Handluking eller ljå kan nyttast for å hindre frøformeiring frå spreidde førekomstar av ugras. Ryddesag, utstyrt med kniv eller metallskive, er eit praktisk reiskap. Særleg viktig er det å unngå at giftige ugras får fotfeste.

Kjemiske rådgjerder i attleggsåret: Sprøyting i attleggsåret har verknad både mot eittårige og fleirårige tofrøblada ugrasartar. Ei vellukka sprøyting i attlegget, vil normalt halde enga rein dei første fire åra.

I attleggsåret er fleirårige ugrasartar små og svake. Sprøyting i attleggsåret krev lågare forbruk av ugrasmiddel enn sprøyting i engåra. Attlegg bør sprøytast også ved såing i juli-august. På denne tida er det mindre spiring av sommareittårige artar. Derimot spirer dei fleirårige artane rikeleg. Sløyfer vi å ta desse i attleggsåret, vil dei bli talrike alt i første og andre engår.

Rett sprøytetid: Med kløver i attlegget, er det denne som bør avgjere sprøytetida. Sprøyt når kløveren har ferdig første varige blad, «spadebladet». Sprøytinga bør vere fullført seinast når kløveren har utvikla to treflika blad. Seinare sprøyting gir dårlegare verknad på ugraset, og aukar sjansen for skade på kløveren.

I attlegg med berre grasartar, er rett sprøytetid når eittårige ugras har 2-4 varige blad, og når sådde grasartar har minst 2 varige blad. Sein sprøyting gir dårlegare verknad på ugraset.

Attlegg med kvitkløver: Ynskjer ein å ta vare på denne arten, bør ein velje blandinga Basagran SG + MCPA, 85 g + 35 ml/daa. Sprøyt når kvitkløveren har 1-2 trekobla blad.

Attlegg med raudkløver: Fleire middel og blandingar er godkjende. Vi meiner Basagran SG + MCPA er eit godt val i dei fleste høve. Det gir mindre skade på kløver og kulturgras. Det har også forholdsvis god og mest varig verknad mot dei fleste viktige ugrasartane i attleggsåret. Engsvingel kan få forbigåande skade, særleg i varmt ver med sol.

Andre aktuelle middel er: «Gratil + MCPA», «Harmony + MCPA», «Express + MCPA», «Lentagran + MCPA», og «MCPA». Gratil gir litt mindre veksthemming hos kløver enn Harmony og Express. Express er beste middelet mot vassarve. Der høymola er ei stor utfordring, vil Gratil og Harmony gi best verknad. Truleg gir desse også litt effekt mot høymole som spirer frå rotbitar. Lentagran og Basagran er forholdsvis dyre middel, medan Express og MCPA er billegast. MCPA åleine har svak verknad mot mange vanlege artar.

Merknader.- Express + MCPA, Gratil + MCPA, og Harmony + MCPA har litt meir kortvarig verknad mot ugras enn Basagran + MCPA. Dei kan også gi noko meir skade på kløver og gras. Blanding med MCPA er anbefalt i kløverattlegg. Ein oppnår betre verknad mot fleire artar, og litt mindre skade på kulturplantane.

Attlegg utan kløver: Dei fleste engfrøblandingar inneheld kløver. Om ein vel frøblandingar utan kløver, står ein friare i val av ugrasmiddel. I tillegg til dei nemnde midla kan ein også nytte Ariane S, 200-250 ml/daa. Dette er truleg det middelet som gir best og mest varig verknad på dei fleste eittårige artane i attleggsåret. Det verkar best på frø-spirar av høymole. Ein kan også forvente litt verknad på rotskot hos høymole og andre fleirårige artar.

Fleire andre middel og blandingar kan nyttast i attlegg utan kløver. Døme er Express + vætemiddel, Express + Flurostar + vætemiddel, Starane XL + Express + vætemiddel.

God kjennskap til ugrasfloraen: Når ein skal velje mellom ulike godkjende middel, er det avgjerande at ein kjenner ugrasfloraen på dei ulike areala. Det finst gode «Verknadstabellar» på nettsida vest.nlr.no.

Kjemiske rådgjerder i engåra: Sprøyting på plantar i god vekst, med store bladkransar like før stengelstrekking og blomstring, gir best resultat.

Overskya, varmt, fuktig vær veka før sprøyting fører til tynnare vokslag på blada. Dette betrar opptaket av ugrasmiddel gjennom bladoverflata. Høg luftråme under sprøyting aukar også opptaket i blada. Under slike forhold kan ein oppnå god verknad med lågaste tilrådde mengde middel. Regn mindre enn 4 - 6 timar etter sprøyting kan føre til avvasking og dårlegare verknad.

I dei fleste tilfelle har sprøyting på forsommaren gitt betre verknad mot ugraset enn sprøyting i håa. Skilnaden er likevel ikkje stor. Været og vekstforholda før, under og like etter sprøyting påverkar resultatet. Sprøyting i første del av september gir også ofte tilfredsstillande resultat, til dømes mot høymole og hundekjeks.. Når det gjeld bruk av Gratil, Harmony og Express, blir det tilrådd å sprøyte i håa, eller i september.

I forsøk mot høymole, har det vist seg at «lågdosemiddel» som Gratil og Harmony har litt meir kortvarig verknad enn t.d. Banvel, Starane og Mekoprop.

Eng med kløver: Av dei godkjende midla er det Gratil som gir minst skade hos kløver. Også Harmony er forholdsvis mild mot kløver. Banvel og Starane kan utrydde kløveren fullstendig.

Skade på kulturgras: Bruk ikkje større mengder ugrasmiddel enn tilrådd. Ved val av mengde må ein ta omsyn til kva ugrasartar ein har, utviklingsstadium og ver. Harmony, og i mindre grad Gratil, gir ofte gulfarging og forbigåande veksthemming hos gras. Særleg engsvingel er svak for desse midla.

Val av ugrasmiddel i engåra: Vi har ein allsidig ugrasflora på Vestlandet. Ved val av ugrasmiddel er det avgjerande å vite kva artar ein skal kjempe mot. Om det er kløver i enga, er det berre Gratil og Harmony som blir tilrådd. Som døme på middel mot dei mest vanlege ugrasa kan nemnast:

Høymole.- Banvel har best verknad mot denne. Også Thomahawk, Flurostar, Duplosan Super verkar godt. Bra verknad har også Starane XL, Harmony og Mekoprop.

Løvetann.- MCPA, Tomahawk, Flurostar, Starane XL, Duplosan Super, verkar godt.

Krypsoleie.- MCPA og Duplosan Super verkar godt. Mekoprop, Starane XL og Harmony verkar bra.

Hundekjeks.- Harmony og Duplosan Super verkar godt. Starane XL og Mekoprop har også bra verknad.

Marikåpe.- Duplosan Super verkar godt. Harmony, Starane XL og Mekoprop verkar også bra.

Lyssiv, knappsiv. - Desse artane kan vere vanskelege å bli kvitt. Maksimal tillatt dose for MCPA er sett ned til 240 ml/daa. For Mekoprop er maksimal dose sett ned til 200 ml/daa. Desse dosane kan vere litt knappe for god verknad. Duplosan Super inneheld dei same aktive stoffa, og er godkjend for større mengder.

Dikesvineblom.- Duplosan Super verkar bra.

Nyttige nettsider, med verknadstabellar: Ugrasfloraen vil variere frå skifte til skifte. «Verknadstabellar» er nyttige ved val av ugrasmiddel på ulike areal. Vi viser til vår nettside vest.nlr.no. Her finn ein oversyn over tilrådde ugrasmiddel, og verknaden desse har mot ulike ugrasartar, i attlegg og i eng. Rettleiande prisar er også vist.

Verknadstabellar og rettleiane prisar finn ein også i «Plantevernkatalogen», hos www.felleskjopet.no. NIBIO har ansvaret for utprøving av plantevernmiddel i Noreg. På www.plantevernguiden.no» kan ein søke etter ugrasmiddel mot ulike artar i ulike kulturar. Etikettane for alle midla finn ein også. Etikettane gir opplysningar om lovleg bruk av ulike middel. Dette gjeld t.d. kva kulturar dei kan nyttast i, mengder og om blanding med andre ugrasmmiddel. Hos NIBIO finn ein www.plantevernleksikonet.no. Her er nyttig informasjon om biologiske eigenskapar hos viktige ugras, med råd om tiltak.

Attlegg Rorvika 9 juli 2017 red50pro
Vassarve, balderbrå, hønsegras og høymole spirer raskt i attlegget, i godt ver. Dei kan skiljast frå kvarandre på ulik form og storleik på frøblad og varige blad. Det er viktig å sprøyte på rett utviklingsstadium. Sein sprøyting gir svakare verknad. Det kan også bli litt større skade på kløver.
IMG 0014
Vellukka ugraskamp i eng startar i attleggsåret. God innsats dette året vil normalt gi rein eng dei komande fire åra. Deretter må ein vere budd på nye tiltak. Det er mange godt metodar og middel å velgje mellom.