Strandsvingel er ein grasart som blir nytta ein del i våre naboland. I Sverige har det vore gjennomført fôringsforsøk med mjølkekyr. Interessa for arten er aukande i Noreg. Strandsvingel er rekna som forholdsvis tørkesterk.

I 2017 vart det lagt ut eit forsøksfelt hos Blindheim Samdrift på Vigra. Feltet vart forsøkshausta i 2018 og 2019. Det vart hausta 11 forsøksfelt i denne serien i 2019. Felteigar er NIBIO. Felta låg i Trøndelag, på Vestlandet og på Austlandet. Resultat frå feltet på Vigra er vist i Tabell 1. Her er også eit samandrag frå andre engår i 11 forsøksfelt.

Tabell 1. Avling første og andre engår i feltet på Vigra, i kg tørrstoff per dekar. Tala er gjennomsnitt for tre haustingar og to gjentak.

Art

Sort

1. engår,

kg tst./daa

2. engår,

kg tst./daa

11 felt 2. engår kg tst./daa

Strandsvingel

Kora

1245

1384 a

1306 a

Strandsvingel

Swaj

1235

1293 ab

1257 ab

Engsvingel

Vestar

1020

1051 cd

1012 d

Strandsvingel + timotei

Kora + Liljeros

1013

1157 bc

1216 bc

Strandsvingel + timotei

Swaj + Liljeros

946

1151 bc

1180 c

Timotei

Liljeros

935

877 d

1107 d

Timotei + engsvingel

Liljeros + Vestar

922

1052 cd

1175 c

Timotei

Grindstad

897

888 d

1099 d

Bladfaks

Leif

871

936 d

1068 de

LSD5%

112

Sign.

Sign.


Resultat

Dei to sortane av strandsvingel har gitt høgare avling enn dei andre artane i andre engår. Dette gjeld både i feltet på Vigra, og i gjennomsnitt for dei 11 forsøksfelta som er med. Det er likevel samspel mellom artar og sortar, og felt. I område med lang, kald vinter, har strandsingelsortane vakse dårlegare. Det var forholdsvis tørre forhold ved såing på Vigra i 2017, og i juli 2018. Det var teikn til litt tørkestress ved 2. slått.

Strandsvingelsortane hadde høgast avling i alle tre slåttane på Vigra.

Timoteien har gitt forholdsvis låg avling i feltet på Vigra i andre engår. Dette skuldast delvis beiting av hjort. I stor grad har dyra beita på timoteirutene, og late dei andre rutene stå i fred!

Det vart teke fôrprøver frå alle slåttar i 2. engår. Forsøka skal haustast i tre engår.

Feltet på Voss er førebels hausta i eitt år. Også i dette feltet har strandsvingelsortane hevda seg godt.

Forsoksmelding 2019
Nye og betre artar og sortar av engvekstar? To sortar av strandsvingel har gjort det bra i to forsøksfelt på Vestlandet.