UTSJÅNAD

Ei vaksen sivplante er 30-70 cm høg. Den bladlause stengelen er opprett, stripete og grågrønn (lyssiv) til mørkegrønn (knappsiv). Blomstrane på sida av stengelen i laus, open kvast (lyssiv) eller i tett kvast rundt hovudet (knappsiv).

LEVEVIS

Fleirårig plante med gruntliggande jordstenglar som dannar tette tuer. Jordstenglane har mange birøter og utviklar mange lysskot. Veks best på fuktig, sur fastmarksjord og myr. Siv opptrer som ugras i eng, beite og i/ved opne grøfter. Planta formeirar seg med frø, men også med krypande jordstenglar (vegetativ formeiring). Etter blomstring i juni-juli (knappsiv) og juli-august (lyssiv) produserer lyssiv rundt 6000, og knappsiv rundt 4500 frø per lysskot. Overflatespiring og spiring frå små djup i fuktig jord.

FÔRVERDI

På utsette areal reduserer sivartane næringsverdien og kvaliteten i grovfôret og er årsak til lågare fôrproduksjon.

TILTAK MOT SIV

Siv er svakast seint på sommaren og på hausten når næringsreservane i stengelbasen er på eit minimum. Slåing av planta på dette tidspunktet fører til minst gjenvekst. Største gjenveksten får ein ved kutting av siv om våren. I tillegg til å treffe riktig tidspunkt, er det svært viktig å kutte lågast mogleg. Forsøk har vist at nedkutting til 1 cm høgde reduserte gjenveksten betrakteleg meir enn ved kutting til 5 cm. Fjerning av jordstenglane ved bruk av ryddesag ca. 2 cm under jordoverflata er svært effektivt. NB: Auka kuttefrekvens er ikkje betre enn å treffe riktig tidspunkt!

Lyssiv knappsiv

Litteratur