Når høymole har fått ein stor bladrosett, er tida inne for sprøyting. Ally var mykje brukt mot høymole i mange år. Etter at Ally gjekk ut av handelen, og no ikkje kan brukast lenger, så har vi framleis mange gode middel å bruke. NLR Vest har laga ein verknadstabell for ulike kjemiske middel. Denne inneheld alle aktuelle middel både mot høymole og andre ugras i eng og beite.

Eng utan kløver

Ofte tilrår vi bruk av Flurostar 200 mot høymole. Flurostar har nøyaktig same innhald som Tomahawk 200 EC. Begge har behandlingsfrist på 7 dagar. Det er desse midla som også er tilrådde til bekjemping av bl.a. lauvkratt og bringebær, men då med ein høgare dose enn mot høymole. Midla er ikkje tilrådde til haustsprøyting, då Flurostar har siste bruksdato 31. juli, medan Tomahawk kan brukast ut august. Denne skilnaden på to like middel kjem av ulik registrering/godkjenning hjå Mattilsynet.

Starane XL er også eit svært aktuelt middel mot høymole. Cleave er tilsvarande middel som blir forhandla av Norgesfôr og Fiskå Mølle. Behandlingsfrist er 7 dagar.

Duplosan Super er eit trippelpreparat som har allsidig verknad, og som har god verknad også mot høymole. Duplosan Super blir forhandla av Norgesfôr og Fiskå Mølle. Behandlingsfrist er 21 dagar.

Mekoprop (Duplosan Meko/Mekoprop Nufarm) fekk i 2017 redusert lovleg dosering. Etter dette er vi usikre på om middelet er godt nok mot høymole med den nye, lågare dosen. Vi har fått tilbakemelding om at verknaden mot høymole er dårlegare enn den var med den gamle dosen.

Banvel er framleis i handelen. Rett nok er dette betydeleg dyrare enn dei andre midla, men er eit svært godt middel. Det er, på grunn av prisen, mest aktuelt til punktsprøyting. 21 dagars behandlingsfrist.

Harmony 50 SX står oppført i dei fleste sprøytetabellar. Middelet er tøft også mot graset. Fleire tilbakemeldingar frå bønder vitnar om at Harmony 50 SX skal ein vere svært forsiktig med. "Det dummaste eg har gjort som bonde", som han sa….etter at graset gulna. Den kraftige verknaden på kulturgraset gjer at Harmony 50 SX helst ikkje bør brukast. Vi har mange sikrare alternativ mot høymole. Den er derimot rekna for å vere beste middelet mot hundekjeks.

Eng med kløver

Dersom du har fått mykje høymole inn i nyare eng, som framleis inneheld kløver, så er det Gratil + klebemiddel som er alternativet du har når det gjeld kjemisk kamp. Behandlingsfrist 7 dagar.

Hoymole Straume 2019 002
Tett bestand av høymole. Om lag rett sprøytetidspunkt.
Hoymole 1
Høymolesprøyting på for seint stadium.
Byhoymole 2
Byhøymole.