Kunstgjødselprisen har variert dei siste par åra, og tidspunktet for når gjødsla har vorte kjøpt inn har gjort at prisen bonden har betalt har vore variabel. Det er vanskeleg å spå kunstgjødselprisen framover, men alle håpar sjølvsagt at den vil gå ned att.

Fleire og fleire køyrer møkk på eng, og kan derfor bruke både mindre mengde og billigare type kunstgjødsel, enn om ein ikkje køyrer møkk på eng. Denne faktoren er også med å avgjer prisen på grovfôret. Sjølv om det gjerne blir noko meir dieselbruk ved å køyre møkk på eng, så må møkka uansett ut av lageret, og det er da gunstig å utnytte den så godt som mogleg.

Vatn og diesel

Andre faktorar som spelar inn på prisen på grovfôret er avstand til skifta, og sjølvsagt om det er ein del fjelljord. Dieselen er dyr, og mykje køyring dreg opp prisen på fôret. Ein del er heldige og har jord der det nesten ikkje er stein, eller trong for vatning. Andre har jord med mykje stein, og store steinkostnader i tillegg til mykje arbeid kvar gong det blir pløgd. Vatning er også ein faktor som både kostar pengar, og som tek svært mykje tid i ein elles travel vekstsesong.

Det som kjem inn i dyrkingskostnad er:

  • Kalking
  • Såfrø
  • Husdyrgjødsel
  • Handelsgjødsel
  • Ugrasbekjemping
  • Jordarbeiding
  • Steinfjerning
  • Vatning

Det som kjem inn i haustekostnad er:

  • Ensilering, nett og plastikk til rundball
  • Ensilering og plastikk til silo
  • Slåing, spreiing/vending og samanraking
  • Rundball-linje
  • Silolinje
  • Lager

På dei gardane vi har rekna på grovfôrkostnadane så kjem dei som har silo jamt over litt betre ut enn dei som har rundball. Nett- og plastikk-kostnaden er største skilnaden her.

IMG 3580
Ein rundball er ikkje ein rundball.

Kva er i ein rundball?

Eksemplar på kor mykje FEm og kva prisen på ein rundball er.

Registrer avlinga

Vil anbefale alle å setja seg inn i kva grovfôret som blir produsert på garden kostar. Kanskje finn du enkle metodar å spare litt på.

Eit godt utgangspunkt er å koma i gang med registreringa av avlingsnivå. Kor mykje fôr som er i ein rundball/silo finn ein ved å rekne tal rundballar/lass silo per skifte, for så å vega ein del rundballar. Det å ha kontroll på avlinga per skifte vil gjera at vi kan setja opp ein så nøyaktig gjødslingsplan som mogleg, og kanskje kan du spare nokre kroner allereie der. I neste omgang så anbefaler vi å ta fôrprøver av alle slåttane.

Ta kontakt om du vil rekna på kva grovfôret på din gard kostar.