Felteigar: NIBIO
Feltvert: Nils Jarle Hjelme, Valldal
Målsetting med serien var å sjå om tidleg vårvekst i timoteidominert eng er avgrensa av tilgang på lettløyseleg nitrogen og svovel, og om denne moglege vekstavgrensinga kan sporast i avlinga i førsteslåtten.
Forsøksfelt i serien vart lagt ut første gong våren 2018. Sesongen 2018 vart spesiell i store delar av Sør-Norge. Det medførte at gjennomføringa av forsøksplana ikkje vart heilt som planlagt. Tørken gjorde også store utslag i fleire av felta, slik at resultata har vore noko avgrensa verdi. Slik også på feltet hos Nils Jarle Hjelme.
Det var ingen signifikante forskjeller mellom ledd i dette feltet. "Tidleg" svovelgjødsling (5) med noko høgare avling enn "sein" svovelgjødsling (4). Feltet var sterkt prega av tørke.
Det vart og lagt ut nye felt i serien vekstsesongen 2019. Artikkelen vil bli oppdatert med 2019 talla når vi har dei tilgjengeleg.