Landbruk Nordvest har i sesongane 2017 og 2018 delteke i eit forsøksopplegg der ein samanlikna kvalitet av grovfôret i strengen rett før rundballepressinga, med surfôret frå rundballen som vart laga av strengen der prøven av grovfôret vart teken ut.Serien var eit samarbeid mellom Nibio og NLR.

Forsøksvertar var Hans Hole, Sunnylven (2017) og Bernt Olav Bjørge, Tingvoll (2018). Det vart teke ut prøvar frå 11 gardsbruk både i 2017 og 2018.

I denne undersøkinga ynskte ein å undersøke følgande:

  1. Kor godt samsvar er det mellom NIBIO sine NIRS-analysar og analysar gjennomført hos EUROFINS?
  2. Kan ein finne trendar for og årsaker til endringar i fôrkvalitet under ensilering?
  3. Kva skal ein tilrå når det gjeld uttak av fôrprøvar hos gardbrukar- ferkst grovfôr eller surfor?

I den førebelse rapporten som er utarbeidd av Anne Langerud i Nibio er det samanfatta nokre konklusjonar.

Ad 1:

  • Det er godt samsvar mellom laboratoria med omsyn til innhald av aske, råprotein, foreiningar og vannløyselege karbohydrat
  • Det er nivåskilnader for verdien NDF. Årsaka til det må avdekkast
  • Verdien av INDF viser også store skilnader. Dette må ein også sjå nærare på

Ad. 2:

  • Resultata viser klart, og ikkje uventa, at det skjer endringar i konsentrasjon av næringsstoff og meltegrad i graset under ensilering. Bruk av ensileringsmiddel, kvalitet på utgangsmaterialet, og tørrstoffinnhald ved pressing er truleg viktige forhold som innverkar på desse endringane. Dette vil bli drøfta nærare i endeleg rapport

Ad 3:

  • Analaysar av plantemassen teke ut før ensileringa vil ikkje duge til bruk i fôrplanlegging


Test jon g kvalitet i grovfor i streng