Haustrug til beiteformål har vore praktisert hos enkelte her i fylket dei siste to åra. Det gjev eit beite som kjem fort om våren. Frå såing til 1.avbeiting ved 12- 15 cm høgde går det omtrent 4 veker, og det yt godt sommeren igjennom. Haustrugen er proteinrik, god på smak og krev i utgangspunktet ikkje mykje av jorda. Den skal ikkje stille like høge krav til pH som andre grønnforvekster.

Kun i ein sesong

Den er fleirårig, men ein anbefalar å nytte den kun i ein sesong då den har lett for å skyte før beitesesong neste år. Rugplanta har kun beitenytte om ein unngår at ho får strekke stengel. Har ho først gjort det, er ho rekna som dårleg beiteplante sjølv etter seinare avpussing.
Og avpussing er eit viktig stikkord. Sidan planta veks bra gjennom sesongen, vil det lønne seg å pusse over etter kvar avbeiting for å sikre jamn kvalitet, hindre stengelstrekking og tyne eventuelt ugras. Av beiteopplegg kan ein til dømes køyre skiftebeiting kor dyra får beite 1 gang i veka på arealet.

Gjødsling lite og ofte

Ein kan så rugen tidleg når våren har kome i gang. Skal det nyttast til mjølkeku kan en beregne 1- 1.5 dekar pr ku. Gjødsling kan gjerast som ved vanleg beitegjødsling, helst lite og ofte gjennom sesongen. Ver obs på at planta kan ta opp mykje kalium så unngå for sterk kaliumgjødsling. Haustrugen kjem tidleg i gang, men avsluttar og veksten tidleg om hausten. Så den derfor helst i blanding med italiensk raigras 2,5 kg/dekar. Raigraset tek då over på seinsommaren og gjer beitet yterikt også utover hausten.

Kjøp ubeisa

Ved såing bør ein så minimum 10 kg haustrug/dekar på 3 cm djupne. Kunstgjødselspreiaren kan eventuelt nyttast, men gjerne tromle godt etterpå. Ta ein ny sårunde rett etterpå med raigraset med 1 cm sådjupne. Årsaka er at haustrugen har større frø enn raigraset.
Kjøp ubeisa haustrug, då det er billigare enn hybridrugen, men av like bra kvalitet. Både Felleskjøpet og Norgesfôr har haustrug eigna til beite i sine såfrøkatalogar.