I 2018 oppretta NIBIO ei enkel nettside med ein nitrogenkalkulator for å kunne anslå kva du kan ha av nitrogen i husdyrgjødsla. Kalkulatoren har i forkant vore testa ut av rådgivarar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Fagforum Grovfôr i NLR har gitt råd om utforminga.

På sida http://lmt.nibio.no/husdyrn/ finn du kalkulatoren som ligg opent for alle. Her legg ein inn dei faktorane som stemmar best for sitt bruk, blant anna dyregruppe, jordsmonn, spreiingsforhold og spreietidspunkt. Ein kan til døme legge inn først korleis ein trur ein har det no, samt seinare teste ut kva utslag det gjer ved endringar i forutsetningane. Kalkulatoren visar kva som er av nitrogen i utgangspunktet, tap gjennom luft og utvasking og kva ein har av verknad på årets kulturvekst samt etterverknad åra etter.

Kalkulatoren reknar kun på nitrogeneffekt, så verknaden av andre næringsstoff som fosfor, kalium etc. er uvisst. Ein må og sjølv estimere kor tørrstoffprosent på møkka som og kan vere eit usikkerheitsmoment. Vil ein vere meir sikker på kva husdyrgjødsla inneheld kan ein spandere på ein tusenlapp og ta ei husdyrgjødselprøve etter omrøring og før utkøyring no på våren. Då får ein svar på tørrstoffnivå og innhald av dei viktigaste næringsstoffane som ein kan bruke vidare i gjødselplanlegginga. Prøveflaske kan du få med din lokale rådgivar.

Nitrogenkalkulatoren er uansett eit fint lite verktøy, så gå gjerne inn på sida og "leik" litt med forutsetningane. Har du kornproduksjon kan det og vere aktuelt å teste ut nitrogenkalkulatoren Optimal N- gjødsling til korn som reknar på økonomisk og miljømessig utnytting av nitrogen i kornproduksjon (http://optimaln.nibio.no/).

Nitrogenkalkulator 4 gg
Utsnitt av korleis kalkulatoren ser ut i praksis.