Produksjonsbeite for mjølkekyr

Ved tidleg beiteslepp er det lettare å få til ei god overgangsfôring, unngå fall i feittprosent, laus avføring og dårleg næringsutnytting hjå kyrne den første tida dei er på beite. Det legg dessutan eit godt grunnlag for god kvalitet på beita utover i sesongen. Slepp derfor ut dyra så snart det finst areal som har tørka opp og toler trakk, og før graset er blitt ei handsbreidde høgt (<8-10 centimeter).

Avgrens beitetida til nokre timar for dagen i starten. Stutt beitetid, kombinert med eit stutt plantebestand, gjer at dyra ikkje får i seg nok beitegrøde til å dekke næringsbehovet, men har kapasitet til å ête surfôr (og kraftfôr) når dei kjem inn til mjølking. Surfôret bør ha god kvalitet.

Seint beiteslepp er uheldig på fleire vis. Høgt gras gir store munnfullar, og dyra tar opp store mengder beitegrøde sjølv om beitetida er knapp. Den planlagde overgangsfôringa blir dermed vanskeleg å få til fordi dyra er mette når dei kjem inn.

Dessutan aukar den daglege tilveksten av beitegrøda kraftig etter kvart som plantene blir større. Dermed aukar risikoen for at tilbodet av gras blir større enn etterspørselen og konsekvensen blir oftast mindre god beitekvalitet og mindre mjølk.

Ved å planlegge beitesesongen, spesielt overgangs - perioden rundt beiteslepp, kan ein unngå mange problem ein elles lett råker ut for når ein skal drive med intensiv beitedrift i mjølkeproduksjonen. Ved den første avbeitinga om våren bør graset være under 10 cm og dyra bør flyttast når graset er 4-6 cm.

Dersom ein startar beitinga før graset er 10 centimeter tar nedbeiting sjeldan meir enn eit par dagar. På denne måten vil ein ha beita over alle skifta i løpet av eit par veker. Under dei fleste omstende vil graset på skiftet som først vart beita blitt tilstrekkeleg langt (15 cm). Dersom avbeitinga går raskare enn planlagt må ein halde dyra inne fleire timar i døgnet og gi meir surfôr, eller ta i bruk meir beiteareal. Ein bør ikkje knappe ned på den tilrådde kviletida mellom kvar avbeiting, verken om våren (2-3 veker) eller seinare i sesongen (3-5 veker).

Planlegg innkjøpet av eit kraftfôr som høver til beite i god tid og start gjerne tilvenninga før beitesleppet. Det er ein stor fordel dersom ein i tillegg kan gje dyra grovt høy eller anna strukturfôr, særleg den første beitemånaden. Dersom ein tar sikte på eit høgt beiteopptak bør tildelinga av godt surfôr trappast ned når dyra har vore på beite ei vekes tid. Mange føretrekkjer derimot å fôre dyra inne i tillegg til beite gjennom heile sesongen. Fordelen er at det blir mindre svingingar i mjølkeavdråtten som følgje av varierande tilvekst og kvalitet på beita. Ulempene er at det blir dyrare og ikkje nødvendigvis betre foring.

Beite for sau, ammeku og ungdyr

Tidleg beiteslepp er også her avgjerande for beitekvaliteten i heile sesongen. Sau bør ha beiteslepp på enda kortare gras enn storfe, og graset bør haldast på 5-8 cm høgde.
Planlegg slik at først innmark, så kulturbeite og så utmarksbeite blir starta på til rett tid. Overgangsfôring med godt grovfôr, evt kraftfôr, dersom det er mogleg.

Hugs på parasittfaren på beite