«Gjev Vårherre oss sol, skal vi sjølve skaffe væte» er eit gamalt ordtak i Ottadalen.

Dette er like aktuelt no som for hundre år sidan, og ikkje minst aktuelt i eit år med høge gjødselprisar, som gjer at ein del vel å ha på mindre gjødsel enn normalt. Våren har så langt vist seg å vera tørr i store deler av Innlandet, og tørkesommaren 2018 sit framleis friskt i minne hos mange av oss. Det er derfor på tide å sjekke at utstyret til vatninga i orden, for alle som har tilgang til vatningsvatn.

Etter ein tørr vår, er det ingen grunn til å vente med å sjå om det kjem regn, før ein set i gang med vatninga. Kjem ein tidleg i gang, er det lettare å vera i forkant med vatninga, eller å koma på etterskot og ikkje klare å røkke over alt. Mange brukar mykje både tid og pengar på vatning i løpet av ein sommar, og det kan ofte tære på kreftene å aldri føle at ein får fri. Men for å få god avling, med best mogleg fôrkvalitet er vatn utruleg viktig. Mykje av ugraset har røtene sine langt djupare enn det graset vi ynskjer å dyrke, og forlite vatn vil vera med å føre til meir ugras og dårlegare fôr.

Ved vatning i attlegg må ein vera forsiktig. Det er betre å vatne ofte og lite kvar gong, enn å vatne slik at det blir erosjon.

Vatna gjenlegg RS
Attlegg frå 2021 som er vatna
Ikkje vatna gjenlegg RS
Attlegg frå 2021 som ikkje er vatna

Det er vanskeleg å avgjera kor mykje regn som kjem. Vil derfor anbefale alle å kjøpe ein enkel regnmålar. Ei god vatning er rekna for å vera minst 30 mm nedbør, men på varme dagar har alt dette fordampa etter berre nokre få dagar att. Vatning på natt, når det er minst fordamping er sjølvsagt det mest effektive, men for å nå over alt vil vi vera avhengige av å vatne døgnet rundt i varme og tørre perioder.

Lykke til med sesongen, la oss alle få passe mengde med både sol og vatn!