Brielmaier 6 meter slåmaskin og Elho 6 meter samlerive. Liten og lett slåmaskin med stor kapasitet og breilegging gjev god fortørk. Samle riva vender graset delvis og sikrar jamn og fortørk med liten risiko for jordinnblanding. Foto: Dagfinn Ystad.

Det rimelegaste fôret får du ved å hauste store avlingar med passe tørt fôr frå ei eng som varer i mange år. Mange gonger står me likevel over for valet mellom tidleg slått og mange haustingar eller noko seinare slått og færre haustingar.

Dyrking strategi og val av artar

Ein forsøksserie gjort av NLR-Østafjells og Nibio i Hemsedal (Ca 600 moh) viste at 2 slått-systemet gav høgare avling, men også lågare innhald av energi og protein enn 3 slått-systemet. Enga med tre slåttar var lite varig og fôret kosta meir både å dyrke og hauste. For å greie å produsere same totalmengde med fôr, måtte det drivast eit større areal. Samstundes er det slik at den siste maskintimen kostar mindre enn den fyrste fordi maskinen allereie er der. Og ein ekstra "slåtterunde" kostar mindre per dekar viss ein reknar marginalkostnadar (Marginalkostnadar er forenkla sagt det maskinen kostar ved å bruke den "litt ekstra" utan å ta med dei faste kostnadane.)

I forsøket vart det også testa ulike artar og sortsblandingar. Forsøket viste at hundegraset ser ut til å tåle tre slåttar godt i dette høgdelaget. Ved å hauste med 6-7 vekers mellomrom viste forsøket betre ernærings messig kvalitet på Hundegraset(0,88 fem/kg tørrstoff i snitt). Avlingsnivået var omlag det same som toslått-systemet med Timoteiblanding(0,84 fem/kg tørrstoff i snitt). Engene er truleg ganske like varige og begge hadde lite ugras. Hundegraset vart likevel eit noko dyrare fôr(12 øre meir per Fem). Det kom seg av ei noko sterkare nitrogengjødsling per fem og ein ekstra runde med slått.

Fôringsmessige konsekvensar av hundegras og timotei

Øystein Kaldahl i Tine rekna på kva fôringsmessige konsekvensar hundegraset versus timoteigraset hadde. Konklusjonen var klar. Ved å velje grovfôret med best kvalitet kunne ein spare om lag 1 kg kraftfôr dagleg gjennom heile laktasjonen på kyr som i gjennomsnitt produserte 31,5 kg energikorrigert mjølk. Samstundes kunne ein velje eit rimelegare kraftfôr. Redusert mengde kraftfor per ku og laktasjon utgjer 1400-1600 kr i sparte kostnader og tilsvarande 300-400 kr spart som følgje av rimelegare type kraftfôr. Totalt utgjer altså sparte kraftfôrkostnader mellom 1800-2000 kr per ku i ein laktasjon. I rekneeksempelet kosta hundegraset 12 øre/fem meir å produsere enn timotei graset. Nettoeffekten etter at meirkostnaden med grovfôret er trekt frå, betra botnlina med om lag 400-600 kr/ku/laktasjon. Det må også presiserast at det er etter at maskinar og eigen arbeidstid er betalt.

Kva faktorar ute på jordet betyr mest for eit rimeleg fôr?

Tørt fôr betyr mest. Deretter er det viktig med kort transportavstand og ei høveleg balansert gjødsling. Andre faktorar som fargen på rundballepressa, køyrefart, køyremønster, talet på knivar og liknande betyr svært lite. Derimot er det svært viktig å velje rett maskinline. For eksempel lessevogn og plansilo i staden for rundballeutstyr og tilhengar. Her er det store variasjonar kva som løner seg for den einskilde gard.

Tørt fôr fører til færre ballar å presse, færre ballar å køyre heim, samt mindre fôr å handtere i fjøset. Med meir fôr i kvar rundball vert det mindre plastforbruk og mindre trøbbel med tæla fôr.

Transportkostnadene kan du redusere mellom 4-10 øre/fem/km ved bla å auke tørrstoffinhaldet frå 25% til 40% og bruke betre tilpassa og meir effektive transportsystem. Med tilsvarande auke av tørrstoffinnhaldet vil pressekostnaden aleine reduserast med 20-40 øre per fem. For ein gard med 15 årskyr eller 150 sau vil det utgjere 15-30 000 kr i redusert pressekostnader og 3-7000 kr i redusert transportkostnader pr km.

Dersom du kan balansegjødsle med husdyr- og mineralgjødsel kan me grovt sett seie at du kan køyre møkka like mange km som storleiken på møkkvogna (antal tonn) til fyrste slåtten. Og tilsvarande berre halv distanse ved siste gjødsling.

Rask og sikker fortørking?

Under føresetnad av at ein har ei god eng betyr altså tørt fôr mest for å sikre eit rimeleg fôr. For å få eit tørt fôr er det viktig å ha god kapasitet på slåmaskinen. Det gjer at slåtten går raskt og dermed at meir av dagen blir brukt til tørking. Skal ein så velje slåmaskin som kan strenglegge eller breispreie, som er utstyrt med eller utan stengelknekker. Kva er best?

Dei flestebrukar i dag strenglegging og oppsamling for å spare køyring og redusere risikoen for jordinnblanding i fôret. Er det små avlingar, tørker graset greit med denne metoden. Det vert likevel ofte opptørking etter "rullekakeprinsippet". Det vil seie at graset øvst i strengen vert knask tørt, medan graset nest i strengen framleis er vått. Då auker risikoen for feilgjæring.

Ved å breispreie graset direkte med slåmaskinen sikrar ein god fortørking. Med ei samlerive vil ein effektivt kunne lage fine strengar før rundballing og pakking. Det gjev rask og jamnare fortørking. Metoden gjer at graset får ei større overflate å tørke på i tillegg til at graset delvis får ei vending i samband med strengleggingsoperasjonen. Rask nedtørking gjer at meir sukker blir teken betre vare på i graset. Grovt sett kan ein sei viss grarset tidlegare hadde 25% tørrstoff kan ein 35-45% tørrstoff på same tid, når graset er breispreidd i høve til om det var strenglagt.

Fram til nyslått gras når 30-35% tørrstoff og fyrste tørkedagen, er gras slått utan stengelbehandlar om lag like tørt som gras slått med stengelbehandlar. Fleire bønder seier pressinga går 30-70% raskare pga. samanraking og betre opptørking samanlikna med tradisjonell køyring i streng.

Breispreiing og seinare samanraking av graset aukar kostnadane med om lag 8-20 øre/fem. Utan betre fortørkingseffekt betalast halvparten av dei auka kostnadane med rimelegare slåmaskin utan stengelbehandlar. Reknar ein med redusert dieselforbruk med slått utan stengelknekkar, og raskare fortørkingseffekt ved breispreiing i staden for strenglegging vert gevinsten klart i favør av enkel slåmaskin for breispreiing og samlerive. Legg ein så inn at det vert færre ballar å presse, færre ballar å pakke inn, færre ballar å køyre heim og mindre vatn å køyre heim, så vert breispreiing og raking klart meir lønsamt i høve til stengelknekking og strenglegging.

Skal du ha tørrare gras enn 35% eller tørketida går over fleire døgn, ser det ut som stengelknekkar gjev best resultat. Så langt er konklusjonen at til produksjon av surfôr (intill 35% tørrstoff) bør du velje stor slåmaskinkapasitet utan stengelknekkar og køyre ein mindre traktor. På den måten skaffer du deg høg slåmaskinkapasitet til ein rimeleg penge.

Kva grasmaskiner bør me velje?

Val av maskinstrategi bør tilpassast den einskilde gard avhengig av tilgang på arbeidsfolk, storleik på garden, topografi og avstand til jordet. I mange høve er det lønsamt å bruke eksisterande siloar til hausting av jordene nærast garden og ev leige inn rundballepressing til jordene lengst vekk.

Har du silo og vil sikre god kvalitet er rask innlegging avgjerande. Har du lang veg til jordene dine betyr raske traktorar lite. Store lass betyr noko, medan mange vogner hjelper kraftig (altså fleire transportørar).

Aktuelle lineval:

Einsleg: Rundballer + kombipresse

Stor og mykje folk: Snitting og plansilo

Stor og lite folk: Lessevogn og tårnsilo / plansilo

Kort avstand: Lessevogn

Lang avstand: Rundballar eller finsnittar + mange transportører


Fakta:

Rådgiving for økonomisk mekanisering og driftstilpassingar. NLR har utvikla fleire dataprogram for å kunne gje gode råd og tilrådinger i mekaniseringsøkonomi og driftstilpassing for gras- og husdyrgjødselhandtering. Dei er aller best eigna for rådgiving ute på det einskilte gardsbruk - Då får me konkrete svar på kva som er økonomiske utslag av ulike tiltak og tilpassingar hos deg.