Forsøksledd

Grasart/grasblanding:

  • Bladfaks
  • Bladfaks + engrapp
  • Timotei

Haustesystem:

  • Tre slåttar
  • To slåttar

Feltet i Stordal hos Stordal samdrift vart lagt ut sommaren 2019 med første hausteår i 2020. Det vart godt tilslag på timoteirutene. Bladfaksrutene hadde derimot svært dårleg tilslag. Etter drøfting med NIBIO blir feltet likevel gjennomført. Det er av interesse å observere om og korleis bladfaks etablerer seg utover i engåra.

I 2019 vart det lagt ut 5 felt i serien. Eitt av dei vart avlyst. I 2020 vart det lagt ut 6 felt. Det er og teke ut prøvar for kvalitetsanalysar, men desse er ikkje ferdige enno.

Resultata i vårt felt viser at timotei er overlegen bladfaks i første engår. Så får vi sjå då, om bladfaksen tek seg opp utover i engåra. Elles viste leddet med engrapp innblanda i bladfaks positiv effekt på avling i forhold til rein bladfaks.

Resultat stordal 2020