Denne artikkelen sto først på trykk i Bondevennen nr. 9 - 2020

I Rogaland er det store areal med kulturbeite, og dei er ein viktig ressurs på mange gardsbruk. Avlingsregistreringar viser at dersom ein steller og brukar beita optimalt, så har dei potensiale for å produsere høge avlingar. Mose kan vere ei utfordring på ein del beite. Når den breier seg utover, så overtek han plassen til beitevekstane og reduserer avlinga.

Demonstrasjonsfelt med gjødsling og kalking

Våren 2017 la Norsk Landbruksrådgiving Rogaland ut tre demonstrasjonsfelt; hjå Nils Ivar Sundfør, Aksdal, Håvard Håland, Sandnes og Leif Håkon Korsbø, Moi i Lund (leigejord på Gursli).

Alle tre stadene var det mykje mose, 60-80 % dekking, og kalkfattig jord, pH frå 4,9 til 5,2.

På kvart demonstrasjonsfelt var det fem ulike ledd:

  • Ubehandla.
  • Gjødsla med mineralgjødsel.
  • Kalka.
  • Gjødsla med mineralgjødsel og kalka.
  • Gjødsla med husdyrgjødsel og mineralgjødsel.

Det vart brukt 400 kg granulert kalk pr. dekar om våren, to år etter kvarandre.

Mineralgjødsel vart tilført som fullgjødsel 22-2-12 om våren og sommaren, og som nitrogengjødsel OPTI-NS om hausten.

På leddet med husdyrgjødsel vart det gjødsla med 2 m2 husdyrgjødsel om våren, og i tillegg med nitrogengjødsel OPTI-NS om våren, sommaren og hausten.

Det vart tilført gjødselmengder tilsvarande 5 kg nitrogen på kvar gjødsling.

Areala vart beita med sau. I oktober vart halve feltet gjerda inne og skjerma for beiting.

Synlege skilnader første året

Det tok ikkje lang tid frå ein starta med ulike behandlingar våren 2017 og til ein såg dei første skilnadene mellom ledda. Utpå sommaren første året merka ein tendens til ulik avbeiting på ledda. Om hausten dette året var det minst mose på leddet som var kalka og gjødsla, og på leddet som var gjødsla med husdyrgjødsel og mineralgjødsel. På dei tre andre ledda var det meir mose, og mosedekkinga var nokså lik på desse tre stadene.

God verknad av mineralgjødsel i blanding med kalk eller husdyrgjødsel

Frå våren 2017 til våren 2019 auka skilnaden mellom dei ulike behandlingane. Endringa av mosedekkinga etter to års behandling er vist i tabellen nedanfor.

Tabellen viser prosent dekking av mose før behandling våren 2017 og etter to års behandling våren 2019. Middel av tre felt.

Ubehandla

Mineralgjødsel

Kalk

Kalk + mineralgjødsel

Husdyrgjødsel + mineralgj.

Før behandling

våren 2017

69

69

72

72

70

Etter behandling

våren 2019

85

64

73

32

27

Endring

+16

-5

+1

-40

-43


Dei to behandlingane «kalking og mineralgjødsel» og «husdyrgjødsel og mineralgjødsel» verka nokså likt på mosen, og skilde seg ut som dei klart mest effektive tiltaka for å redusere mosebestanden.

Etter to år var mosedekkinga redusert frå ca 70% mose til ca 30% mose med desse to behandlingane.

Kalkinga hadde auka pH til optimalt nivå, ca 6,0, og i kombinasjon med mineralgjødsel gav det god grasvekst som konkurrerte bra mot mosen.

Der husdyrgjødsel og mineralgjødsel var brukt var pH på same nivå som ubehandla, og det var nok husdyrgjødsla som må ta æra for at denne behandlinga var så effektiv mot mosen. Dette har også mange bønder erfart i praksis gjennom åra.

Liten effekt av mineralgjødsel eller kalk åleine

Bruk av berre mineralgjødsel i kalkfattig beite desse åra reduserte mosebestanden svært lite. Det same galdt når ein berre kalka i to år, men ikkje gjødsla. Desse resultata viser at, sjølv om pH ved kalkinga auka til ca 6,0, så var det ikkje nok å berre kalke for å redusere mosebestanden. Det trengst i tillegg næringstilførsel for å stimulere grasveksten og auke konkurranseevna til graset i forhold til mosen.

På desse felta vart det gjødsla som til eit godt beite, med tre gjødslingar i sesongen.

Det må nemnast at i desse kalkfattige beita var det svært lite kløver. Resultatet ovafor hadde kanskje blitt annleis dersom det etter kvart hadde kome inn meir nitrogenfikserande kløver på beita.

Klimapåverknad

I perioden 2017-2019 var det svært varierande klimaforhold, og dette ser ein at avspeglar seg i resultata frå mosefelta. Det må ein også ta omsyn til når ein studerer resultata ovafor.

I 2017 var det uvanleg regnfullt. Sommaren 2018 vart det uvanleg tørt med mykje tørkeskadar både på eng og i beite, etterfølgt av ein regnfull haust. 2019 vart eit meir normalt år.

Det var meir open jord/trakkskadar i regnåret 2017 enn i dei to andre åra.

I tørkeåret 2018 auka utbreiinga av mosen på ubehandla ledd frå vår til haust, i motsetnad til dei to andre åra. Også ved gjødsling eller kalking var det mindre reduksjon av mosen frå vår til haust dette året enn dei to andre åra, truleg på grunn av at det var mindre vekst på dei tørkestressa beita.

Alle åra såg ein at mosebestanden stort sett auka frå hausten til våren etterpå, uansett kva behandling beitet fekk. Det skuldast nok til ein viss grad at mosen vart mindre synleg når veksten kom godt i gang utover i sesongen. Men det tyder også på at mange vintrar er slik at mosen trivst og aukar i omfang fram til våren.

Moderat haustbeiting påverka mosen lite

Desse åra såg ein ingen samanheng mellom sein haustbeiting og mosebestanden . Det vart beita moderat på felta utover hausten, og det er nok den viktigaste grunnen til at mosen ikkje fekk større utbreiing der det var sein haustbeiting.

Visuelt var det best beite om våren der det ikkje vart beita seint på hausten. Graset hadde kome lengre i vekst der, og beitet såg betre ut.

Det er viktig med gode og tidlege vårbeite, og dette er såleis eit argument for å ikkje beite for hardt om hausten uansett.

Nlr 60425721650 2021 01 02 120954
Bilde 1 Rute med kalk og mineralgjødsel før oppstart våren 2017. Bilde 2 Rute med kalk og mineralgjødsel våren 2019. Feltet på Moi. Foto B. Harstad
Rute20med20kalk20og20mineralgjodsel20varen202019 20 Feltet20pa20 Moi 20 Foto20 B 20 Harstad
Bilde 1 Rute med kalk og mineralgjødsel før oppstart våren 2017. Bilde 2 Rute med kalk og mineralgjødsel våren 2019. Feltet på Moi. Foto B. Harstad
Haustbeita til venstre og ikkje haustbeita til hoegre feltet i aksdal foto h pedersen
Haustbeita til venstre og ikkje haustbeita til høgre. Feltet i Aksdal. Foto H. Pedersen