Høgare kostnad enn på bøane

Kalk, transportert og spreidd i bulk (lausvekt) er det klart rimelegaste alternativet for kalking. Bruk difor kalk i bulk og kalkvogn når du skal kalka dyrka mark. Har du ikkje tilgang på kalkvogn sjølv, er nettverket av entreprenørar som tilbyr denne tenesta godt i heile området. Også dei delane av innmarksbeita våre som er framkomelege med traktor og kalkvogn bør kalkast på denne måten.

Kalking beite
Bruk av kalkvogn i beite. Foto: Ole Arnfinn R. Fitjar

Prisen per tonn varierer etter kor lang transport som trengs. Det er derfor billigast i dei sentrale områda, og område med kort avstand til kai. Entreprenørane opererer oftast med ein pris per tonn for kalk ferdig spreidd. Som nemnt varierer denne, men ligg i vårt område ofte mellom 800-1000 kr/tonnet.

  • I bulk, ferdig spreidd: rundt 1 000 kr/tonn kalk


Bruk kunstgjødselspreiaren

Der det ikkje er framkommeleg med vogn er kunstgjødselspreiaren ofte alternativet. Men denne har både avgrensingar i kapasitet og spreieevne. Det er fullt mogleg å bruke laus kalk i dei fleste spreiarar, men den bør då vera tørr. Derfor er det kalk i storsekk, som ein klarer å handtera og lagre slik at den held seg tørr, mest aktuelt. For å hindre at kalken set seg i spreiaren mellom lessing og spreiing kan eit triks vera å fylle med eit kort dreneringsrøyr (eller liknande) ståande på høgkant over utløpet. Rett før du startar spreiing drar du opp røyret, og det vil danna seg ei «trakt» i massen som gjer at kalken lettare renn ned til utløpet.

Nlr 38687127105
Beitekalking med kunstgjødselspreiar. Foto: Magnus Haugland

Med laus kalk i kunstgjødselspreiar har ein ikkje allverden med rekkevidde. Spreiaren klarer ikkje å «hive» massen, som me gjerne kan seie liknar på sukker, så langt. Då er det ofte granulert kalk som er det beste alternativet på beiter, der ein er avhengig av å kunne spreie godt ut frå der traktoren står eller køyrer. Granulert kalk er dyrare enn laus kalk i sekk, og bør derfor berre brukast der laus kalk ikkje er eit alternativ.

  • Granulert kalk, spreidd 1 tonn i timen: rundt 2 500 kr/tonn kalk


Kalk og husdyrgjødsel i ein operasjon

Eit tredje alternativ er å blanda kalken inn i husdyrgjødsla, og køyre denne blandinga ut på beitene. Det er då innblanding av produktet Biokalk som er mest aktuelt. Biokalk blir levert og distribuert ut på gardane av Sele Kalk på Jæren. Også her er prisen per tonn heilt avhengig av transportavstand. Samanlikninga i denne artikkelen har me valt ut ein køyreavstand på 3 og 13 mil frå anlegget på Forus.

Husdyrgjodsel med Biokalk Foto B O Gjellestad
Innblanding av Biokalk 75 i husdyrgjødsel. Foto: Bård Oliver Gjellestad


  • Biokalk (gitt 3 mil køyring): rundt 1 000 kr/tonn kalk*
  • Biokalk (gitt 13 mil køyring): rundt 1 500 kr/tonn kalk*

*dette er per tonn kalk (tilsvarande kalksteinsmjøl), for å gjere det lettare å samanlikne prisnivå med andre kalkslag. Biokalk 75 er flytande og inneheld 73 % tørrstoff (kalk).



Enklare blir det ikkje

Kalk kan også spreiast frå lufta. Med jamne mellomrom har Norsk Landbruksrådgiving, i samarbeid med Franzefoss minerals og Pegasus helicopter tilbudd helikopterkalking. Kalken blir då blese oppi spreiebøtter under helikopteret, før spreiinga rakst og effektivt blir gjort med ei dosering på 350 kg/daa.

Helikpopterkalking 1 Foto Asbjorn Ramsli
Helikopterkalking av kulturbeite. Foto: Asbjørn Ramsli

Dette er absolutt det beste alternativet der ein ikkje køyrer husdyrgjødsel, og der køyring med traktor og kunstgjødselspreiar er uaktuelt eller for tidkrevjande. Kalking av beite er viktig både for betre utnytting av næringsstoffa i gjødsla og for å favorisere ynskjelege beiteplanter. Men kalking bør vera eit ledd i opparbeiding eller stell av kulturbeiter. Kalking av utmarksbeite eller beiter som ikkje vert gjødsla ser me på som lite lønsamt, sjølv om ein kan auke avlinga noko, samt få jamnare avbeiting.

  • Helikopterkakling: 2 955 kr/tonn

Som me ser er ikkje differansen mellom kalk køyrd ut med kunstgjødselspreiar og helikopterkalking så stor. Mange vil nok ligge på ein effektivitet langt under eitt tonn per time i utkøyring, og helikopterkalking kan derfor komme gunstig ut både økonomisk og ikkje minst i arbeidsforbruk. Samtidig er det viktig å understreke at kalkinga bør komme i kombinasjon med andre agronomiske tiltak i beitene; for effekten og dermed lønnsemda, er avhengig av gjødsling, ugraskontroll og god avbeiting.

Helikopterkalking våren 2023

Beitekalking med helikopter, aktuelt for deg?