Kristorn Foto Lars Kjetil Flesland
Kristtorn er giftig for husdyra våre, men det finst meir farlege vintergrøne planter. Foto: Lars Kjetil Flesland

Forgifting hjå sau grunna vintergrøne buskar

Så har det skjedd igjen. Utegangarsau på leit etter mat har kome inn i hagen og beita på dei vintergrøne buskane der. Resultatet er sjuke og daude dyr. Utegangarsau og fine hagar med Rhododendron, barlind, laurbærhegg går ikkje saman.

Lokalt er det Rhododendron og Pyramidelyng (Pieris) som oftast har ført til forgifting. Men buskbom, barlind og laurbærhegg kan også føra til forgifting, - saman med mange andre vintergrøne buskar. Oftast skjer ulukkene når husdyr blir slepte ut til lufting om vinteren og dei uforvarande kjem inn i ein hage med vintergrøne buskar. Har vinteren vore kaldare enn normalt, kan også det auka faren for at beitedyra kan bli freista av dei vintergrøne plantene på innsida av hagegjerdet. Husdyr som jamnleg beitar ute om vinteren og som dagleg passerer t.d. ein einsleg og giftig vintergrøn busk, nappar gjerne så vidt borti planta i forbifarten, utan at det skjer noko forgifting.

Vestlandsklimaet er normalt mildt og vått vinterstid. Mange vintergrøne planteartar frå fjerne himmelstrok klarar seg godt her, og mange av dei er planta inn i hagane våre, fine som dei er. Men dei aller fleste av dei er giftige. Vaksne menneske plar ikkje eta på buskar. Det kan dyra gjera, - og tragediar oppstå.

Også våre viltveksande vintergrøne planter, som bergflette (eføy), kristtorn og særleg barlind er giftige. Men forgifting frå desse er ikkje så ofte.

Tiltak

Har skaden skjedd, er det ingen motgift eller medisin som vil hjelpa. Men veterinær bør likevel bli kontakta for eventuell smertelindring. Nokre av plantene fører til kolikk og her kan ein gjera lindrande tiltak.

Driv ein med sau, og desse er mykje ute om vinteren, bør ein vurdera om ein må ha desse vintergrøne buskane i hagen, - eller kan ein klara seg utan.

Utegangarsau vert ofte tilleggsfôra med t.d. rundballar. Likevel vil dei kunna eta eller nappa borti anna som freistar. Vinterstid kan grøne planter vera tiltrekkande. Dersom dyr får tilført for lite mineral, vil dei vera meir på leit etter tilleggsfôr, som barnåler, vintergrønt bladverk og bork. Dyr som tar mykje av fôret ute på råtegras og lyng og får lite og ikkje kraftfôr, og heller ikkje har tilgang til fjøre (tang, mineralsalt), må ha fri tilgang på appetitt-mineraltilskott. Mineral tilskot får ein kjøpt i form av mineralstein eller i laus form.

Barlind

Heile planta (ikkje den raude kappa kring frøet) er sterkt giftig. Effekten viser seg fort med endra hjarterytme (rask og svak). Planta er sterkt vassdrivande. Andre symptom er skjelving og låg temperatur. Dauden kan koma så fort at mange av symptoma manglar. Daudleg dose er 1-10 gram pr kg kroppsvekt for drøvtyggjarar og 0,5-2 g/kg kroppsvekt for hestar.

Kjelde: Webster dictionary


Barlind Foto Lars Kjetil Flesland

Buskbom

Buskbom er halden for å vera moderat giftig. Men i Etne gjekk det gale. Sauen var slakk, som ved melkefeber. Den låg og skraua litt og var kald. Var ustø då ho vart støtta opp. Frå sauen vart funnen til den daua gjekk det berre ein halv time.

Buskbom Foto Lars Kjetil Flesland

Pyramidelyng - Pieris

Heile planta er giftig. Dyret får problem med koordinering av bevegelsar. Deprimert. Begynnande diare. Bleike slimhinner. Stønning og snorkande pust. Uregelmessig puls. Forgiftning av sau i Etne våren 2015, 2018 og 2020.

Pieris Japonica hos sau (leine.no)

Peris Foto Lars Kjetil Flesland

Kalmia (Kalmia angustifolia)

Både blad, blomar og nektar er giftig. Bier som flyg i område med mykje kalmia produserer giftig honning. Særleg sauene er utsatt for forgifting, derav namnet ”Lamb-kill” som vert brukt somme stader. Meir giftig om våren enn om hausten.

Storfe: Blaut avføring, sikling, oppkast, diare og mangel på koordinasjon. Ein rasjon på 0,2% av kroppsvekta gir forgiftingssymptom.

Geit og sau: Kraftig oppkast, svimmelheit, Svakheit, svak pust og gnissing med tennene. Ein rasjon på 0,25% av kroppsvekt gir forgiftingssymptom.

Kjelde: Webster Dictionary


Laurbærhegg

Heile planta er giftig. Symptom: Skjelving. Sjangling. Tung pust. Problem med å løfta hovudet. Våren 2013 fekk vi melding om sau i Etne som daua etter forgiftining av laurbærhegg.

Kjelde: Norsk veterinærtidsskrift nr. 9/2008


Laurbaerhegg Foto Lars Kjetil Flesland

Rhododendron

Heile planta er giftig, også nektar. Bier som flyg i område med mykje rhododendron produserer giftig honning.

Symptom: Brekningar/oppkast er det mest særeigna symptomet. Andre symptom er spytt og skumming, stønning, vomma er oppblåst og pusten er tung/rask. Bevegelsane er ukoordinerte med skjelvingar. Sidan Rhododendron er så vanleg, er det også den vi oftast høyrer dyr er forgifta av.

Kjelde: Webster Dictionary

Rhododendron 3 Foto Lars Kjetil Flesland