Heiesending av sau

I dei lågaste heiene er det nå begynt og sendes inn noke sau i lune område opp mot 500 moh. Det rapporteres at det ligger ca ei veke etter normalen. Det har smelta mye snø siste veka. I dei høgare områda frå 600 moh og oppover begynner de å sende litt sau i midten av neste veke. Dei høgere områdene følger på i vekene som kjem.

Stell av beitene i juni

Etter vårbeiting bør ein pusse av beita der det går an. Enten med slåmaskin, fôrhauster eller beitepussar. Ein kan også bruke etterbeitare som ungdyr, sau eller hest for å pusse beitene. Pussing tidleg i beitesesongen er viktig for å oppretthalde grasproduksjonen på beitet utover sommaren. Pussing hindrar strådanning hos graset og stimulerer til busking og gjenvekst. Beitepussing er også en av de viktigaste forebyggande tiltaket mot mange ugras.

Gjødsling er nå aktuelt igjen der det har gått en månad sidan sist. Typisk 3-5 kg nitrogen (td 15-25 kg 22-2-12).

Er det dyrka beiter der du skal hauste vinterfôr før dyra kjem på haustbeite igjen, er det best å ta pussing og eventull spredning av gjødselruker rett etter dyra er tatt vekk. Slik får du gjødsla, eventuelt vatna, og starta ny vekst og utnytta vekstsesongen best mogleg.

På areal som ikkje skal haustast før haustbeite er det aktuelt å sleppe veksten opp litt før pussing. Men ikkje så lenge at du legg igjen et "teppe" av daugras som gjenveksten må gjennom. På slike areal er det også aktuelt å utsette gjødsling til ca 3 veker før haustbeite for å begrense gjenveksten noe.

Heiesending aseral
Nå og framover sendes sauen til fjells.