Gjev vår Herre oss sol, skal vi sjølv ordne væte.

09.01.2019 (Oppdatert: 10.01.2019) Jon Geirmund Lied

Klimaet vårt er i endring. Det blir snakka om våtare og villare, altså meir nedbør og meir vind. Men det blir og sagt at vi vil oppleve lengre periodar med same type vêr. Også tørke; slik ein opplevde detdenne sommaren.

Klimaet vårt er i endring. Det blir snakka om våtare og villare, altså meir nedbør og meir vind. Men det blir og sagt at vi vil oppleve lengre periodar med same type vêr. Også tørke; slik ein opplevde detdenne sommaren.

 

Det er vel kanskje mest det siste vi har opplevd dei to siste vekstsesongane. Sommaren 2017 som ei einaste lang regnbye, og sommaren 2018 som den tørraste og varmaste sommaren som er registrert; i alle fall sør om Stadt og Dovre.

 

Fokus på drenering

I mange år har landbruket hatt fokus på at god drenering er eit viktig tiltak for å redusere skadeeffektane av eit våtare klima. Det vil vere svært viktig med rask opptørking av jorda etter nedbør.

Denne sommaren var det for lite nedbør som var utfordringa. For nokre var mangel på vatn reelt nok. Men i dei fleste bygder renn elva gjennom jordbruksareala. Mangel på vatn var ikkje problemet; derimot mangel på førebuingar.

 

Kronår i Sjåk

Det var frustrerande som rådgivar å høyre bønder fortelje om mange veker leveringstid på pumper og materiell for vatning. Ein tur underteikna gjorde til Skjåk litt ut i juni, gav dessutan eit tydleg bilete av korleis det kunne sett ut, berre vi hadde fått vatna enga vår.

 

Lite vatning av enga

Men berre ein liten brøkdel av engareala på Møre vart vatna i sommar, i hovudsak av to grunnar:

  • Mangel på rasjonelt opplegg for vatning av areala
  • Prioritering / mangel på tid til å gjennomføre vatning

Bak dette ligg kanskje vurderingar om at tørke er eit relativt lite problem i grovfôrdyrkinga på mitt bruk. Ei anna årsak kan og vere at temaet tørkeskade på eng har hatt lite fokus i grovfôrrådgivinga. Som nemnt lenger oppe i artikkelen, er det meir og betre drenering som har vore den naturlege prioriteringa.

 

Optimal vasstilgang

Når det er sagt, veit vi at grovforproduksjon har eit relativt kontinuerleg stort vassbehov gjennom heile vekstsesongen. Optimal vasstilgang til eng og beite blir rekna å vere om lag 90 -120 mm pr månad i perioden mai - august.

 

Normalt for lite

I klimastatistikken til Meteorologisk Institutt ser vi at nesten ingen av målestasjonane i Møre og Romsdal har nedbørsmengder (normalnedbør) som dekker behovet for eng og beite i mai og juni. I dei indre bygder er det i minste laget også i juli og august, særskilt på Indre Sunnmøre.

 

Avlingsreduksjon

Det er rekna at nedbørsunderskotet i forhold til normalnedbør i tidleg vekstsesong gjev ein avlingsreduksjon i eng og beite på 15 – 20 % i kyststroka. Det er og rekna at nedbørsunderskot fører til raskare utgang av timotei og kløver.

 

Andre faktorar

Kor stor effekt nedbørsunderskotet har, vil vere avhengig av fleire faktorar, m.a. korleis nedbøren kjem, men ikkje minst kva jordart ein har. Skarp sandjord lagrar lite plantetilgjengeleg vatn, medan siltjord og myrjord har stor lagringskapasitet for plantetilgjengeleg vatn. Noko som gjer at planteveksten på slik jord klarer seg betre i lengre tørkeperiodar enn på sandjord.

Ein avlingsnedgang på 15% frå ei avling på 600 FEm utgjer 90 FEm. Verdien av dette kan settast til om lag 300 kr pr daa. Dette er potensialet ved vatning i år med normalnedbør. I tørkesomrane vil tapet bli mykje større.

 

 

Verdien av nok fôr

I tillegg til vurderingar av kost/nytte opp mot normalår, vil mange gjere vurderingar i forhold til forsikringa det vil vere å ha tilgang på vatning i ekstreme tørkeår, som vi hadde no sommaren 2018. Det å kunne oppnå gode avlingar i slike år vil nok telje ein god del, ikkje minst for dei som har kjent på uvissa om formangel.

 

Viser elles til vatningsartikkelen av Jan Karstein Henriksen i dette bladet

Ta gjerne kontakt om du ynskjer å drøfte temaet nærare for din gard.

Kjelder:

  • A.O. Skjelvåg, J.K. Heggvold; O.H. Baadshaug: Vatning til eng
  • E. Harildstad: Forelesninger om vatning og vatningsanlegg
  • Meterologisk institutt: Værstatistikk

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.