Gissel på eigen gard

09.01.2019 (Oppdatert: 10.01.2019) Bjørn Steinar Skarbø

Korleis er det å leve under overhengande fare for fjellskred? Korleis er det på kort varsel og gong etter gong bli utestengt frå heim, gard og grunn, utan å vite når ein kan flytte heim att? Korleis er det å sitje i ei campinghytte på uviss tid med lite å ta seg til og ikkje få gjort naudsynt arbeid til rett tid? Korleis er det når naturen brått og brutalt endrar føresetnadane slik at verdien av arbeid og investeringar smuldrar bort, og det synes uråd å kome ut av situasjonen?

Korleis er det å leve under overhengande fare for fjellskred? Korleis er det på kort varsel og gong etter gong bli utestengt frå heim, gard og grunn, utan å vite når ein kan flytte heim att? Korleis er det å sitje i ei campinghytte på uviss tid med lite å ta seg til og ikkje få gjort naudsynt arbeid til rett tid? Korleis er det når naturen brått og brutalt endrar føresetnadane slik at verdien av arbeid og investeringar smuldrar bort, og det synes uråd å kome ut av situasjonen?

Det er inga lystig stemning i camping-hytta der Gunn Walstad Sogge og Jørgen Sogge og dottera deira bur medan dei er evakuert frå garden i det rastruga området under fjellet Vesle-Mannen i Rauma. Då vi var på besøk var det åttande gongen i alt og den tredje dette året.

Etterpå har dei vore evakuert nok ein gong etter å ha "sloppe heim" eit døgn eller så i mellom.

Når dette kjem på trykk, kan det ha vorte endå fleire, for vêrmeldingane spådde regn og til overmål var det kome 70 cm snø på toppen som vil smelte i mildvêret og dermed føre til ekstra vassig ned i det rasfarlege fjellpartiet.

Om då ikkje det store raset har gått.

 

Fortvila og frustrert

Fortviling og frustrasjon pregar dei, noko dei heller ikkje legg skjul på. Det gjeld både situasjonen her og no, og framtida. For ingen veit korleis situasjonen med rasfare vil utvikle seg. Eit større stykke fjell på mellom 120.000 og 180.000 m3 er i rørsle og det er meldt om rørsler oppi 60 cm i døgnet i den øvre delen, og ofte ligg den mellom 10 og 15 cm i regnversperiodar. Under slike tilhøve skulle ein tru at fjellet ville kome nokså fort, men det trekkjer ut. Eit anna fjellstykke stengjer på ein måte for det partiet som er i rørsle og har så langt utsett det forventa større raset. I staden har det gått fleire mindre ras. Normalt kan det vere varsel om eit større ras, men når kjem det.

 

Oppdaga i 2014

Det var i 2014 det rasfarlege partiet i Vesle-Mannen vart oppdaga og overvaking sett i gong. Tidlegare var det overvaking av Store-Mannen, men her var rørslene meir stabil og utgjer så langt ikkje nokon akutt fare. Det er heller ikkje like påverka av veret som det meir ustabile nabofjellet. Hausten 2014 måtte dei så evakuere for fyrste gong. Evakueringa varde fem og ei halv veke. Då vart også buskapen evakuert til ein innleigd fjøs i Måndalen ca. 3 mil unna. Det medførte mykje køyring for å stelle dyra; og den moglegheita eksisterer heller ikkje lenger, fortel dei.

- Då var det heile nytt og NVE var usikre på korleis fjellet reagerte. Sidan har dei betre oversyn og evakuerings-periodane har vorte kortare, fortel Gunn.

Det var evakuering ein gong i 2015 og 2016. Så to gonger i 2017 og til no altså fire gonger i 2018.

 

Fryktar stadige evakueringar__

- Vi fryktar at fjellet skal halde fram å kome ned i småbitar, og at vi i lang tid må leve med denne situasjonen, seier Jørgen. Gong på gong er det meldt om "store rørsler i Mannen", men kvar gong har det gått over utan at det store raset har kome. Så er det berre å vente på neste gong rørslene vil tilta. Håpet om at det store raset skal kome og ein gong for alle gjere slutt på vanskane, er i ferd med å svinne.

- Så ustabilt som fjellet no viser seg, fryktar vi at farenivået vil gå opp og ned i takt med veret, og at vi må evakuere så

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.