Val av felt

Jordbærplanta vekst i all slags jord og har ingen sære krav til næringsinnhald eller pH. Jorda bør vere godt drenert, samtidig bør ein ha høve til vatning. På lang sikt bør ein tenke på vekstskifte, jordbærplanta er utsett for jordtrøttheit. Elles bør feltet vere utforma slik at det er lett å bruke traktor i ein radkultur. Eit jordbærfelt bør ikkje vere for bratt, og det bør ligge slik at radene kan gå rett opp og ned utan sidehelling. I tillegg bør ein også tenke på transport til og frå feltet. Bæra bør på kjøling så snart som råd etter plukking. Dessutan har ein arbeidsfolk som skal til og frå felta, og gjerne skifte felt i løpet av dagen, dette krev mykje tid dersom det er lange avstandar.

Sortsval

Bruksområdet er det viktigaste ved val av sort. Vanlegaste bruksområda er sal gjennom grossist/butikk, sal direkte til forbrukar eller til industri. Grossistane eller kjedene stiller krav til haldbarheit, men også til storleik og utsjånad. Ved direktesal til forbrukar er som regel smak viktigare enn haldbarheit. Industrien stiller spesifikke krav til korleis bæra eignar seg til syltetøy.

Dessutan har sortane ulike dyrkingseigenskapar og ulik modningstid. Haustearbeidet er tidkrevjande og kostbart, derfor er det også lurt å ta omsyn til kor gode plukkeprestasjonar ein sort gir høve til.

Flair er svært tidleg. Svaktveksande plante og noko mindre avling enn seinare sortar.

Honeoye og Rumba er tidlege sortar. Dei har bra smak og kvalitet, men vert rekna for å ikkje ha fullt så god smak som dei litt seinare sortane.

Senga Sengana er ein god gammal sort som er god både som dessertbær og som industribær. Svært god smak og aroma, middels store bær og bra avlingsnivå. Sorten høver godt til direktesal for allsidig bruk, men er no lite dyrka.

Korona er hovudsort både til engros og direktesal her i landet, sjølv om sorten er lite haldbar. Den har svært god smak og aroma. Korona kan brukast til sylting for privat bruk, men er ikkje ønska av industrien.

Polka ein allsidig sort som høver både som dessertbær og industribær. Den har svært god smak og aroma. Avlingane er store, men bæra kan verte små på eldre felt og på slutten av sesongen.

Sonata er ein av hovudsortane. Stor avling og store bær. Bæra er faste i godt ver, men vert lett blaute i regn. Bæra har bra smak, men ikkje så gode som Polka og Korona.

Florence er svært sein i høve til dei vanlege sortane. Store haldbare bær med god smak. Bra avling og frodige friske planter.

Baerutsikter

Forkultur

Godt vekstskifte er ein fordel for jordbær. Gode forkulturar er f eks gras, korn, potet eller erter. Jordbærplanta konkurrerer dårleg med ugraset, det er derfor viktig å halde forkulturen rein for ugras, det kan spare mykje ugrasarbeid i jordbærfeltet. Særleg fleirårig ugras er viktig å ta før ein jordbærkultur. Mange ugras som er vanskelege i jordbær er lette å ta i eng eller korn. God brakking og pløying er ofte ein fordel før planting av jordbær.

Dyrkingsmåtar

Vanleg dyrkingsmåte er enkeltrad eller dobbeltrad på drill. Det vert brukt både med og utan svart plast på drillen. Jorddekking med svart plast er vanleg rundt omkring i verden, det lettar ugrasarbeidet og held bæra reinare. Halmdekking vert ofte brukt på felt både med og utan svart plast. Halm gjer det reinare i feltet, bæra held seg reinare og halmen hindrar også smittespreiing. Dekking med duk om vinteren har vorte vanleg seinare år, dette hjelper godt mot vinterskade. Dekking med fiberduk etter planting gir raskare etablering av plantene. Dekking om våren og forsommaren fører til tidlegare blomstring og modning, men slik driving kan redusere avlingane. I enkelte land er ein stor del av jordbærproduksjonen i plasttunnel, men førebels er det lite her i landet. Tak over feltet reduserer gråskimmelproblemet til eit minimum. Tunnel er ei stor investering, det krev gode avlingar og gode prisar for å vere lønsamt. Til tidlegproduksjon kan det likevel vere lønsamt med tunnel.

Plantetypar

Norske statskontrollerte planter er dei beste med tanke på sikkerhet mot sjukdom. Dersom ein har friskt utgangsmateriale er eigne planter det rimelegaste, men det krev ein del arbeid. Siste åra har det vore tillate med import av jordbærplanter. Import av planter gir tilgang på fleire sortar og fleire plantekvalitetar. Generelt er importplantene av god kvalitet, men medfører ein auka smitterisiko. Norske planter er som regel barrotsplanter eller pluggplanter. Det har vore lite produksjonsklare planter i handelen her i landet. Importen gir høve til å få tak i eit breitt spekter av plantetypar, frå små barrotsplanter til ventebedsplanter og tray-planter. Dei største kan ein då kalle produksjonsklare, dvs dei startar å gi modne bær 60-80 dagar etter planting. Produksjonsklare planter er dyrare og meir krevjande å dyrke, men gir høve til å forlenge sesongen. I tunnel eller veksthus er ein meir eller mindre avhengig av produksjonsklare plante

Omsetning

I høve til andre jordbruksproduksjonar vert mykje jordbær omsett ved direktesal. Direktesal gir ferskare vare til forbrukar og som regel betre pris til produsenten, men direktesal er også arbeidskrevjande og krev god organisering. Ein del butikkar kjøper frå bonden, men det meste av bæra som vert seld i butikk går gjennom grossist. Grossistane krev ofte eit visst volum og har spesifikke krav til sortar, kvalitet og emballasje. Gjer gjerne avtale med grossist før planting! Ein liten del av norsk jordbærproduksjon vert levert til industri, det stiller krav til rask og god innfrysing.

Arbeid i sesongen

Jordbær er ein arbeidsintensiv produksjon særleg om sommaren. Ein må vere budd på ein stor arbeidstopp den tida folk flest har ferie. Med eit lite areal som f eks 1-2 dekar kan ein klare alt med eige arbeid. Er omfanget av produksjonen større, er ein avhengig av innleigd arbeidskraft til planting, luking og plukking.

Særleg plukkinga er arbeidskrevjande. Grovt rekna kan ein person hauste eit dekar. Har ein eit dekar med ein tidleg sort og eit dekar med ein sein sort, kan same person klare å hauste to dekar. Også luking og planting krev mykje manuelt arbeid. Plantevern, gjødsling og vatning kan også vere arbeidskrevjande i sesongen. I haustesesongen med mykje innleigd arbeidskraft er god organisering og arbeidsleiing avgjerande for å lukkast, mykje arbeidstid går då med til rein administrasjon.

Arbeidsforbruk20jordbaer20med20plukking
Eksempel på arbeidsfordeling i løpet av året ved dyrking av 20 dekar jordbær med pluking.

Investeringar

Normalt krev jordbærdyrking mindre investeringar enn i husdyrbruket, alt avhengig av kva som finst på garden frå før. Det er sjølvsagt også avhengig av omfanget av produksjonen og kor mykje ein vil mekanisere. Traktor, jordarbeidingsredskap og traktorsprøyte bør ein ha. Skal ein drive med bær er ein avhengig av kjølerom. I tillegg er ein avhengig av husvære og sanitærrom for innleigd arbeidskraft, krava her har vorte strengare og det er lett å undervurdere dette behovet.

Ein bør også vurdere kva som kan leigast. Kan ein f eks leige til å utføre jordarbeiding. Kanskje kan ein også leige husvære til innleigd arbeidsfolk. I jordbærproduksjonen er det ofte behov for maskiner og hus berre ein liten del av året og da kan det ofte lønne seg å leige i staden for å investere sjølv.