Plantene har stort behov for vatn

Urteaktige planter inneheld 80-90% vatn. Vatnet skal halde næringsemne oppløyste og frakte dei rundt i planta, det gjeld både mineral frå jorda og næringsemne som planta sjølv produserar. Urteaktige planter har eit mjukt vev som er avhengig av nok vatn for halde eit visst trykk i cellene. Dersom dette trykket i cellene er for lite, vil planta visne. Vatn er også involvert i dei fleste kjemiske reaksjonar i planta. Mangel på vatn vil i dei fleste planteartar føre til hemma vekst og fotosyntese lenge før ein ser symptom som visning ol.

Vatn i jord

Mengda av tilgjengeleg vatn i jorda varierar sterkt med jordtype, dvs kor store partiklar eller porar det er i jorda. Grov sand kan innehalde berre ca 5% av jordvolumet som vatn tilgjengeleg for plantene, medan silt og leire kan innehalde 15-20%. Dette er avgjerande for kor mykje og ofte ein bør vatne.

Vassrekneskap

For å vurdere vatningsbehovet kan ein føre rekneskap med fordamping, regn og vatning. Fordamping frå eit aktivt veksande plantedekke er om lag som frå ei fri vassflate, ein kan derfor registrere kor stor fordampinga er frå eit ope kar. Eit slik rekneskap krev at ein startar på rett tidspunkt og at ein heile tida er nøyaktig med oppfølginga. Ein må også ta omsyn til jordtype, f eks i grov sand vil mykje av vatnet renne tvers gjennom.

Instrument

Det finst ei rekke instrument som måler vasstilstanden i jorda. Mange av desse er sokalla tensiometer, som har ein kolbe av porøst materiale som står nede i jorda. Ved tørke i jorda vil det oppstå eit negativt trykk eller sug i det porøse materialet, dette vil gi utslag i ein målar som vi kan lese av over jorda. Det finst også elektroniske instrument som kan måle jorda si evne til å lede straum eller varme, dette er ein indikator på innhaldet av vatn.

Vatningsguttasjon
Guttasjondråper på bladkant er utskiljing av plantesaft og signaliserer at planta får nok vatn og kalsium.

Guttasjon

Guttasjon er utskiljing av plantesaft hos enkelte planteartar. Guttasjon kan ein sjå som væskedropar i bladranda helst om natta eller tidleg om morgonen. Det er grovt sett to drivkrefter som er med og transporterar vatn i planta; rottrykket og fordampinga. Når fordampinga er lita, vil rottrykket vere dominerande og kan skape eit svakt overtrykk i planta. Dette overtrykket kan då presse plantesaft utover i karstrengane og ut gjennom små opningar i bladranda (hydatodar).

Hydatodane er ein slags spalteopningar som ein normalt finn i bladranda eller bladtaggane. Dei ligg som regel i enden av karstrengane, medan spalteopningane er fordelt over bladflata. I motsetnad til spalteopningane manglar hydatodane ei opne- og lukkemekanisme og er opne heile tida. Spalteopningane skil som oftast ut reint vatn i form av damp, medan hydatodane i hovudsak skil ut plantesaft. Plantesafta skilt ut frå hydatodane inneheld ymse næringsstoff, protein og liknande. Vatn skilt ut frå spalteopningane er resultat av fordamping, medan plantesaft skilt ut frå hydatodane er resultat av rottrykket.

Som regel er det mest guttasjon hos unge blad. Hydatodane er vidopne på unge blad, men vert tetta på eldre blad. Dette tydar på at guttasjon har ein funksjon i unge blad, men ikkje i eldre. Unge samanfalda blad har som regel svært lita fordamping og dermed liten væsketransport, men samtidig er dette ungt vev som er i sterk vekst og har bruk for vatn og næring.

Guttasjon viser at det er nok vatn til at planta kan ta opp meir vatn enn det som fordampar etter kvart. Tensiometer eller andre instrument måler berre vasstilstanden i jorda. Guttasjon fortel oss både om vasstilstanden i jorda og om planta si evne til ta opp og transportere vatn i høve til fordampinga. Jordbærplanta er derfor eit svært fint instrument som tek omsyn til mange faktorar. Dersom ein vil gjere guttasjonen meir synleg, kan ein dekke ei plante med ei opp-ned bøtte eller litt plastfolie over natta. Planter med synlege guttasjonsdråpar har som regel ikkje behov for vatning. Manglar planta guttasjon kan det vere behov for vatning. Som med andre metodar for å vurdere vatningsbehov kan ein ikkje bruke dette slavisk, ein må også ta omsyn til andre faktorar.

Bottedekke
Ved å dekke plantene med ei bøtte eller ein bit plast vil guttasjonsdråpane kome betre til syne.