Hos dei vanlege jordbærsortane vi dyrkar på friland skjer blomsterinduksjonen rundt månadsskiftet august-september. Dette er i hovudsak styrt av kortare dagar og fallande temperatur, dvs vilkår som bremsar planteveksten. Også andre faktorar som påverkar planteveksten kan påverke når blomsterinduksjonen skjer. Dersom planta får litt trange kår før blomsterinduksjonen og gode kår seinare utover hausten, så vil det gi eit auka antal blomsteranlegg. Derfor kan tidspunkt for gjødsling ha innverknad på antal blomsteranlegg om hausten og på antal blomster og bær påfølgande år. Saga er ein sort med relativt få blomster, og det kan derfor vere interessant om ein kan auka tal blomster gjennom gjødslingspraksisen om hausten. Forsøka er finansiert gjennom NLR Grøntsatsing.

Forsøksplan

Det var lagt ut to forsøk i to etablerte Saga-felt, eit i Valldal og eit i Stange hausten 2020. Det vart gjennomført tre behandlingar, kontroll, start gjødsling veke 36 og start gjødsling veke 34. I Valldal var det lagt ut tre gjentak av kvar behandling, dvs. 3 x 3 ruter. I Stange var det lagt berre tre behandlingsruter. Felta var vårgjødsla og det var gjennomført vanlege plantevernrutinar. I dei behandla ledda vart det gjødsla med 0,5 kg N per dekar kvar veke i forsøksperioden. Det var brukt salpeter (Nitrabor) løyst opp i vatn og vatna ut ein gong per veke. Kontrollruter vart behandla med reint vatn. Klorofyll vart målt i 28 september med Konica-Minolta SPAD-502Plus. I Valldal vart antal blomsterklasar og blomster på ti planter i kvar rute registrert i juni 2021. I Stange vart berre blomsterklasar registrert. Det var stor skade av jordbærsnutebille i begge felt, det gjorde registreringa vanskeleg. Der det var registrert tal blomster vart det derfor forsøkt å rekne også avbitne knoppar/blomster.

I feltet i Stange vart det teke bladprøve før forsøksbehandlinga starta. Denne synte låg verdi av nitrogen med 1,2 % av tørrstoffet, i tillegg var og kaliumverdien låg med berre 0,73 % av tørrstoffinnhald. Optimumsverdi for nitrogen er rundt 2,0 % mens kalium bør ligge om lag på 1,5 %. Verdt å merke seg av bladprøva elles var at plantene synte låg verdi av sink. Heile feltet var i løpet av forsøksperioden bladgjødsla med eit sinkpreparat.


Resultat og diskusjon

Det var små skilnader i klorofyll (Valldal) mellom dei ulike behandlingane, men det var litt høgare i dei gjødsla rutene. I begge felta viste teljingane fleire blomster og blomsterstandar i gjødsla ruter enn i ugjødsla, men resultata er ikkje signifikante. I feltet i Valldal har tidlegaste gjødslingsstart gitt 28 % fleire blomster enn ugjødsla (fig. 1), dette er betydeleg i Saga som har relativt få blomster. Dei gjødsla rutene har også gitt fleire blomsterstandar enn ugjødsla, forskjellane er litt større i Valldal enn i Stange, som hadde ca. 5 % fleire blomsterstandar i tidlegaste gjødslingsledd enn i ugjødsla (fig. 2). Våre forsøk støttar tidlegare undersøkingar med positiv respons for haustgjødsling, sjølv om dei ikkje er signifikante. For sorten Saga har det i desse forsøka på våre breiddegradar gjeve positive utslag for å starte gjødselvatning i veke 34.

Blomsterinduksjonen for vanlege jordbærsortar startar ved ca. 15 timar daglengde dvs. I slutten av august her i Sør-Norge. Tidlegare forsøk har vist at gjødsling ca. 1 veke etter at plantene har starta danninga av nye blomsteranlegg gir flest blomster og størst avling året etter, men dette er også avhengig av sort, vasstilgang, næringstilstanden i jorda frå før, temperaturar og så vidare. Viktig å merke seg er at dersom plantene lir av mangel på eitt eller fleire mikronæringsemne, kan dette hemme blomsterdanninga sjølv om ein tilfører nitrogen i rike mengder. Bladprøver kan gje ei god oversikt over status i plantene. I ein sort som Saga kan vi gjerne ha fleire blomster og bær, mens f eks. gamle Polka-planter ofte får mange og små bær. Verknaden vil også avhenge av gjødslingsmetode og gjødseltype. Med gjødselvatning vil ein få rask effekt, men brukar ein tørrgjødsel kan det gå mange dagar før denne er oppløyst og når fram til røtene.

Fig 1 jordbaersorten Saga 2021
Fig. 1. Tal blomster per plante i jordbærsorten Saga i Valldal i høve til gjødsling hausten før.
Fig 1 tal blomsterstander jordbaer saga 2021
Fig. 2. Tal blomsterstander per plante i jordbærsorten Saga i Valldal og Stange i høve til gjødsling hausten før.

Litteratur: