Datamaterialet

Det er laga statistikk over 396 bladanalyser av jordbær frå Agder, Møre og Innlandet. Analysane er frå 1980-talet og fram til 2022. Her i landet har det vore rutine å ta bladprøvar i månadsskiftet august-september, derfor er dei aller fleste analysar frå denne årstida. Det ville vere interessant å ha fleire analysar frå tidleg i sesongen. Mange sortar er med, gamle analysar er hovudsakleg av Senga Sengana, seinare er det meir Korona og Polka. Det kunne vere nyttig å ha meir av nyare sortar. Ofte er det behov for å tilpasse gjødslinga til sorten. Mykje kan tyde på at enkelte sortar har lettare for å få mangel på mikronæringsstoff. Her er det hovudsakleg sett på bladprøvar frå friland. Dyrking i substrat vil ofte gi anna resultat enn ved dyrking i jord.

Makronæringsstoffa

For nitrogen ligg gjennomsnittet av prøvane nokså nær det som er det optimalområde som er tilrådd her i landet (fig.1). Det er viss spreiing av verdiane for nitrogen, men mindre enn for mange andre næringsstoff. Optimalområde i mange andre land ligg ofte høgare, kanskje er det rett under andre dyrkingsvilkår. Overdriven nitrogengjødsling kan lett gi overdriven bladvekst i enkelte jordbærsortar. Dette er også avhengig av når gjødslinga vert gitt og ikkje berre mengda. Ved substratdyrking i tunnel ligg ofte nitrogennivået høgare enn i jord på friland.

For kalsium er det veldig stor skilnad på det norske optimalområde og det som er oppgitt i USA (Ulrich, Mostafa & Allan 1980) (fig.2). Dei fleste prøvane ligg utanfor det norske optimalområdet for kalsium, men innanfor det amerikanske. For kalsium er det også ein viss skilnad mellom dei tre distrikta (fig.3). For Innlandet ligg gjennomsnittet for kalsium på 1,7, medan det for Agder og Møre ligg gjennomsnittet omkring 1,0. Årsak er truleg skilnaden mellom innlandsklima og kystklima. I innlandet vil ein få ein større variasjon i temperatur og luftfuktighet mellom dag og natt enn i kystklima. Ein slik døgnvariasjon i klima vil sannsynlegvis stimulere opptaket av kalsium.

Histogram of N samla 12des2022
Fig. 1. Fordeling av bladprøvar av jordbær etter mengde nitrogen i analysane.
Histogram Ca
Fig. 2. Fordeling av bladprøvar i jordbær etter mengde kalsium i analysane.
Fordeling i etter innhald av kalsium
Fig. 3. Kalsiuminnhald i bladanalyser av jordbær fordelt etter distrikt.

Mikronæringsstoffa

Det har vore litt fokus på mikronringsstoffa i jordbær. Enkelte sortar er meir utsett for mangel andre. Høg pH hemmar opptaket av dei fleste mikronæringsstoff. Når det er mangel på mikronæringsstoff i plantene skuldast det ofte høg pH. Mange brukar etter kvart bladgjødsling med mikronæring, det kan gi veldig stort utslag i bladanalysane. I enkelte av resultata er det ekstremt høge verdiar for enkelte mikronæringsstoff, og dette kjem truleg av bladgjødsling kort tid før prøvetaking. I det store fleirtal av prøvane ligg likevel verdiane for mange av mikronæringsstoffa for lavt i høve til optimalområda.

Bormangel kan gi misforma bær og skaden kan derfor vere stor. Etter norske optimalområde ser det ganske bra ut, men utanlandske tilrådingar ligg høgare og då kjem ein stor andel av prøvane utanfor optimalområdet (fig4). Også for kopar, sink (fig.5) og jern ligg ein stor andel av prøvane utanfor optimalområdet. Dersom optimalområda er riktige, bør det truleg brukast meir bladgjødsling. For mangan er derimot dei flest prøvar innanfor.

Histogram of B samla 12des2022
Fig.4. Fordeling av bladprøvar i jordbær etter mengde bor i analysane.
Histogram of Zn samla 12des2022
Fig.5. Fordeling av bladprøvar i jordbær etter mengde sink i analysane.

Sort

Det er visse skilnader mellom sortane, men ingen klare tendensar. Korona ligg litt lavt på nitrogen, fosfor og kalium, men høgt på kalsium. Polka ligg lavt på kalsium. Senga ligg lavt på kalsium, sink og bor. Saga ligg lavt på sink. Ser ein på det distriktsvis, kjem Saga ut med lave verdiar på dei fleste næringsstoff i Møre, men samla jamnar det seg ut. Senga ligg lavt på kalsium, sink og bor.

Diagram sort
Fig.6. Gjennomsnittleg innhald av nitrogen, fosfor, kalium og kalsium fordelt etter sort.

Utvikling gjennom sesongen

Det er ein tendens til nedgang i verdiane utover i sesongen (fig.7). Dette er særleg tydeleg for nitrogen og kalium, men delvis også for andre næringsstoff. Her må ein likevel huske at dette er gjennomsnitt for fleire distrikt med litt ulik blomstrings- og modningstid. Ser ein på resultata for Møre isolert (fig.8), viser kurvene ein tydeleg knekk i juli for dei fleste næringsstoffa, dvs under bærvekst. Kanskje treng plantene ekstra med næring i den perioden.

Diagram manad
Fig.7. Utvikling av innhaldet av nitrogen, fosfor og kalium bladanalysar av jordbær gjennom vekstsesongen. Gjennomsnitt for Agder, Innlandet og Møre
Digram mnd More
Fig.8. Utvikling av innhaldet av bor, sink, mangan og jern i bladanalysar av jordbær gjennom vekstsesongen i Møre.

Litteratur

Bergmann, W. 1988. Ernährungstörungen bei Kulturpflanzen. Gustav Fischer Verlag. 379

Dana, M.N. 1987. Pinciples and Practices in Leaf Analysis and Feeding. Proceedings Winter Conference NASGA. 20-32.

Døving, Haslestad, Christensen og Mazur. 2017. Jordbær. Dyrkingsveiledning. Norsk Landbruksrådgiving.

Hennion, B. & Veschambre, D.(eds.) 1997. La fraise: Maîtrise de la production. Ctifl. 50-74.

Larsson, L. & Svensson, B. 1989. Bärodling. Lts Förlag. 38-39.

Nes, A. 1998. Bærdyrking. Landbruksforlaget.

Pritts, M. & Handley, D. 1998. Strawberry Production Guide. Cooperative Extension. 55

Ulrich, A., Mostafa, M.A.E. & Allen, W.W. 1980.Strawberry deficiency symptoms. Uni. of Cal. Bulletin 1917. pp58