Blomster og bier har gjensidig fordel av kvarandre. Insekt nyt godt av nektar som næring, og plantene treng hjelp til å spreie pollen. Stortinget vedtok i 2018 ein Nasjonal pollinatorstrategi som slår fast at pollinatorar er viktige for landbruket, og at det bør iverksettast tiltak som fremjar blant anna pollinatorvenlege driftsformer.

Korleis er status for disse insekta i Møre og Romsdal

For å få svar på dette spørsmålet vart det i 2021 gjennomført en studie i seks ulike bringebærfelt i tre kommunar. Dette var et samarbeid mellom NORSØK, NINA og Landbruk Nordvest. I prosjektet, kalla «POLLIBRING», vart det blant anna sett på effekten av ulike driftsformer som økologisk i høve til konvensjonell dyrking samt dyrking på friland og i tunnel. Det ble også sett på effekten av honningbier på populasjonen av naturlege humler. Prosjektet fekk økonomisk støtte frå Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL/JA).

Bie20210707 152601
Honningbier trekker gjerne til bringebær dersom det finst nær kubane og kan då bety mykje for pollineringa i bringebær.

Registrering i felt

To metodar vart brukt for å registrere insekta i bringebærfelta. Den eine gjekk ut på å observere ca. 100 blomster på 2-4 planter i 15 minutt for å sjå kva insekt som landa på blomstrane. Dette vart gjentatt på 4 ulike observasjonspunkt i kvart felt. I den andre metoden vart insekt fanga med insekthåv langs bringebærhekkane, 5 min av gangen, med utgangspunkt i dei same observasjonspunkta. Etter registrering i håven vart insekta slept fri. For kvart felt vart begge metodane brukt to eller tre gongar.

Totalt vart det observert 5 290 og håva 4 935 insekt. Store insekt som honningbier og humler var i fleirtal i observasjonane. Ved håving vart det fanga flest fluge og mygg. Resultata tyder på at dei to metodane utfylte kvarandre for å studere pollinerande insekt i bringebær på en god måte.

Humle20210707 153648 2 Aksel
Humler er viktigaste pollinatoren i tunnelbringebær.

Resultat

I dei to felta i Valldal var det ganske lik aktivitet av pollinerande insekt. Begge felta hadde bikubar på eit par hundre meters avstand; noko som bidrog til at det var bra med honningbier. Humler og honningbier var heilt dominerande, og stort sett var det liknande mengder av begge. Derimot var litt skilnad på tunnel og friland. I tunnel var det litt overvekt av humle, medan det var overvekt av honningbier på friland.

Elles var det eit lite tal villbier (solitære bier), blomsterfluger, mygg og diverse andre insekt, men desse betyr truleg lite for pollineringa.

Trivst i tunnel

Registreringane vart i hovudsak gjort i fint ver med bra temperatur. Insektaktiviteten er svært avhengig av temperatur. Ein kan også sjå at aktiviteten går ned i regn eller vind. Det er interessant at humler trivst i tunnel. Her var det om lag dobbelt så mange humler inne i tunnelane som på friland. Her var tunnelane opne i sidene og endane, då kan insekta flyge nokså fritt inn og ut; samtidig som det er liten temperaturskilnad inne og ute. Sjølv om tunnelane er opne, er det meir stilleståande luft inne enn ute. Plasten vil dempe og spreie lyset inne i tunnelen, slik at lyset vil vere mindre intenst og meir diffust enn ute.

Pollinerende insekt i bringebaer Mog R
Fig. 1. Pollinerande insekt i bringebærfelt Døving og Valldal

Finansiering

Dette er eit eittårig prosjekt finansiert av «Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri», og med NORSØK som prosjekteigar. Landbruk Nordvest er innleigd for å gjere registreringar av pollinerande insekt i bringebærfelt i Valldal.

Kvitbanda Blomsterfluge20210707 163429 02 Aksel
Kvitbanda blomsterfluge liknar humle og kan vere ein god pollinator, men i våre registreringar var talet for lite til at det betyr noko.