Innleiing

I vårt klima har gråskimmel ofte gitt store avlingstap. Siste åra har det vore gode kjemiske middel tilgjengeleg, men det har vist seg at soppen lett utviklar resistens slik at effekten vert sterkt redusert. Dyrking i tunnel er eit godt tiltak mot gråskimmel, men dette er ei stor investering. Sjølv med aukande tunneldyrking vil nok frilandsdyrkinga dominere i mange år framover.

Ozon er eit effektivt desinfeksjonsmiddel og har vore prøvd som plantevernmiddel mot sopp. Ozon (O3) er ein flyktig og ustabil gass som lett vert omdanna til O2. Bruken av ozon kan derfor vere ei utfordring.

Redox AS er prosjekteigar med NORSØK og NLR Nordvest som samarbeidspartnerar. Prosjektet er treårig og finansiert av Regionalt Forskingsfond Møre og Romsdal.

20210620 094831 Aksel
Fig.1. Ozongenerator med vasstank bak.

Materiale og metode

Forsøket var lagt til etablert Polka-felt i Valldal. Ozon vart produsert av ein ozongenerator på staden og blanda inn i vatn. Det ozonerte vatnet vart så fordelt på plantene ved hjelp av fastståande mikrospreiarar. Dette fungerte etter kvart godt teknisk bortsett frå at det var vanskeleg å oppnå høgaste konsentrasjon av ozon i vatnet. Det skulle etter planen behandlast med to ulike konsentrasjonar ozon, 5 og 10 ppm, men det vart brukt berre 5 ppm.

Dei ulike rutene vart behandla ein eller to gongar per veke. Dette vart samanlikna med ubehandla, eit ledd behandla med vatn og eit ledd med standard soppsprøyting.

Det var svært varmt under bærmodning, sesongen var kort og hektisk; derfor vart det plukka berre to gongar i forsøksfeltet. Det vart registrert mengde og antal bær i ulike kategoriar, friske bær, gråskimmel og andre sjukdommar. Pga fint ver under blomstring og modning var det etter måten lite gråskimmel i 2021.

20210713 154441 Aksel
Fig. 2. Ozonert vatn vart fordelt på jordbærplantene med mikrospreiarar.

Resultat og diskusjon

Ozonbehandlingane i 2021 gav ingen signifikante resultat. Standard behandling med soppmiddel ga størst avling friske bær og minst andel gråskimmel. I tidlegare forsøk i 2017 med ozon mot gråskimmel vart det brukt traktorsprøyte for å behandle plantene med ozon. I dette forsøket var det ein tendens til at ozon hadde ein effekt mot gråskimmel.

Dette kan tyde på at traktorsprøyte er ein betre behandlingsmetode enn mikrospreiarar mot gråskimmel i jordbær. For sesongen 2022 er det derfor planlagt å bruke traktorsprøyte i eit tilsvarande forsøk.