Auka konsentrasjon av CO2, metan og andre såkalla klimagassar endrar strålingsbalansen på jorda slik at temperaturen kan stige 1.8 - 4.0 °C dei neste 100 åra. Klimaforskarar har laga klimascenario for dei ulike område i Norge. I tidlegare studiar er det vist modellar som kan forklare og prognosere modningstida i jordbær (Ljones 1978, Døving og Måge 2001). Her er det sett på korleis endra klima kan påverke modningstida i jordbær dei neste 100 år (Døving 2009).

Datagrunnlag

Granskinga er bygt på innsamla data om avling og haustetid for jordbær levert til Valldal Grønt AS (tidlegare Gartnerhallen Valldal) for perioden 1970 - 2018. Første del av perioden var "Senga Sengana" dominerande. Etter årtusenskiftet har "Polka" teke over som hovudsort. Desse sortane har ganske lik modningstid. I tillegg har det kome inn nokre andre sortar siste åra. Dette representerer klima og dyrkingstilhøve på indre fjordstrøk på Sunnmøre på om lag 62°N. Bærmottaket tek i mot bær frå mange dyrkarar. Jordbærleveransane har variert mellom 140 og 800 tonn per år i perioden 1970-2018. Meteorologiske data er innhenta frå Meteorologisk Institutt sin målestasjon i Tafjord frå 1970 til 2018. Temperaturscenario for perioden 2010-2100 er innhenta frå "RegClim" og Meteorologisk Institutt.

Store forskjellar

Det har alltid vore variasjon i veret i Norge, og det kan vere opp til ein månad i forskjell i modningstid for jordbær mellom tidlege og seine år. Fordi variasjonen er så stor kan det heller ikkje påvisast statistisk sikker endring i sesongstart i perioden 1970-2018. Desse åra har gjennomsnittleg start vore 18.juli når ein reknar start som den datoen det vert oppnådd 5 % akkumulert avling. Tidlegaste start har vore 30.juni og seinaste 7.august. Lengda på haustesesongen har variert frå 17 til 38 dagar. Temperaturane om våren og sommaren er avgjerande for start og lengde på sesongen.

Utrekning av sesongstart

Med temperaturane som grunnlag er det utvikla ein matematisk modell for å forklare dato for sesongstart:

Start = 97.9 – 1.50 x marstemp – 1.37 x maitemp – 3.47 x junitemp – 1.30 x julitemp (temperatur = månadsmiddeltemperatur) (Døving 2009).

Start er definert som datoen når 5 % akkumulert avling er oppnådd, rekna som tal dagar etter 1.juli. Temperaturen i juni hadde sterkast innverknad på starten av modninga. 1 °C auke i juni middeltemperatur ga om lag 4 dagar tidlegare start. Liknande resultat er funne tidlegare (Ljones 1978, Døving og Måge 2001).


Klimautvikling jordbaer
Fig.1 Startdato for jordbærsesongen i Valldal. Observerte data 1970-2018 og scenario for perioden 2010-2100.


Auka middeltemperatur

Temperaturscenario viser ein auke i temperaturane dei neste hundre åra. Samanliknar ein perioden 2070 - 2100 med 1970 - 2018, er det spådd ein auke i månadsmiddeltemperatur på 2-4 °C på våren og forsommaren; avhengig av kva modell som vert lagt til grunn (RegClim 2002, 2005, Engen-Skaugen 2007). Det er rekna med at auken vil vere størst i mai med om lag 4 °C og minst i juni med om lag 2 °C auke.

Likninga basert på historiske data viser at det er junitemperaturane som har mest å bety for modningstida. Med eit mildare klima vil heile prosessen forskyve seg framover i tid og maitemperaturen kan verte viktigare for modningstida. I tillegg er det sjølvsagt sannsynleg at sortar og dyrkingsteknikk vil endre seg fram mot år 2100.

Sesongstart i juni

Modellen og temperaturscenaria er brukt til å estimere scenario for modningstida i jordbær i Valldal fram mot år 2100 (Fig.1). Utrekningane viser at starten på jordbærsesongen kan bli i gjennomsnitt 6 dagar tidlegare i 2050 enn i perioden 1970-2018, og 22 dagar tidlegare i 2100 (Døving 2009). Det er lagt til grunn gjennomsnittet av to temperaturscenario og at det er sortar med liknande modningstid som "Senga Sengana" eller "Polka".

Forventa start på plukkesesongen i år 2100 er då 26. juni. Gjennomsnittleg start på sesongen på Sørlandet på 1990-talet var 30.juni (Døving og Måge 2001). Det betyr at effekten av temperaturauken dei neste hundre åra vil vere som å flytte minst 4 breiddegrader mot sør. Ut i frå dei to temperaturscenaria kan sesongstart om hundre år kome så tidleg som 1. juni og så seint som 24. juli.

Meir variasjon i framtida

Her er det i hovudsak sett på trendane, det er også estimat som viser at klima kan variere meir i framtida. Det kan gi større variasjon både i startdato og i sesonglengde. Modellane brukt her viser at jordbærsesongen kan bli om lag 4 dagar kortare i gjennomsnitt om hundreår, men variasjonen vil då som no truleg vere stor. Også andre meteorologiske faktorar påverkar jordbærmodninga, som for eksempel maksimumstemperatur og global stråling, men desse er vanskelegare å prognosere og er uansett korrelert med middeltemperaturen.