Ei næring som har løfta i flokk

09.01.2019 (Oppdatert: 09.01.2019) Bjørn Steinar Skarbø

Det er gledeleg og fascinerande å sjå korleis ei tilnærma heil næring går saman om å løyse problem som oppstår. I år har den store utfordringa vore tørken som ramma store deler av Sør-Norge og for mange vekstars vedkomande førte til sterkt reduserte avlingar. Spørsmålet for mange vart: Korleis skal eg klare å skaffe mat til buskapen den komande vinteren.

Det er gledeleg og fascinerande å sjå korleis ei tilnærma heil næring går saman om å løyse problem som oppstår. I år har den store utfordringa vore tørken som ramma store deler av Sør-Norge og for mange vekstars vedkomande førte til sterkt reduserte avlingar. Spørsmålet for mange vart: Korleis skal eg klare å skaffe mat til buskapen den komande vinteren.

Gamle dagars historier om vårknipa dukka opp i tankane. Bildet av sleden det var sagt fans på summe gardar for å drage dyra ut av fjøsen om våren til dei grøne beita fordi fôrmangel hadde gjort dei for svake til å gå ut av fjøsen på eigne bein. Sjølv om dette ikkje hadde vore aktuelt i våre dagar, viser det kor alvorleg fôrmangel var, og som eit appropos: Noko dei velø framleis opplever i mindre utvikla land enn vårt.

 

Per dato ser det ut som ein har klart å sørge for at nok fôr er tilgjengeleg. Fleire tiltak ligg bak dette. Ein ekstraslått oppå dei vanlege mange plassar, import av fôr frå island til Vestnes i stor stil, import frå andre land, spesialutvikla grovfôrerstatning, intensivert berging av halm og isåing av forvekstar i kornåkrar som elles vart øydelagt av turken.

 

På tampen kom meldinga om at forskarar ved NMBU på Ås hadde funne fram til at ospeflis kan erstatte grovfôr for ein ganske stor del, noko som er omtala i eigen artikkel i dette bladet.

 

I sum gjer dette at ein for det meste reknar med å kunne berge buskapane over vinteren utan for stor utsjaltingar av produksjonsdyr. Å unngå dette er ikkje minst viktig i ei tid med ein marknadsballanse som er utfordrande nok frå før.

 

Samstundes skal ein ikkje stikke under ein stol at den varme sommaren også hadde sine positive sider - utover ferieveret. Der ein kunne vatne, eller det var nok vatn, vart avlingane av frukt, bær og grønt svært gode både på mengde og kvalitet. Vi har til dømes kunne legge i oss kjempegode norske eple i mengder denne hausten; og kven vil vel ikkje ønske seg å kunne kjøpe dei som juleeple(!).

 

Sommaren 2018 er den tredje utfordrande vekstsesongen for bønder i Møre og Romsdal. Ein på grunn av tørke og to på grunn av nedbør. "Alle" seier at ein må rekne med meir utfordrande vêrlag fram over. At periodane med regn blir lengre og dei turre periodane like eins. Dermed vil det kome utfordrande vekstsesongar i framtida, og då er det i alle fall godt å vite at næringa maktar å løfte i flokk for å møte slike utfordringar.

 

Av dei same grunnane er det også viktig med landbruk over heile landet – rett og slett for å unngå at heile næringa vert råka dersom den skal drivast på eit for avgrensa geografisk område.

 

Med dette ønskjer Landbruk Nordvest lesarane av Ringreven ei god jul og eit godt nytt (vekst)år!

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.