Gode driftsvegar på beite; avgjerande for god beitedrift

30.12.2017 (Oppdatert: 31.01.2018) Jon Geirmund Lied

Ei av utfordringane knytt til beitedrift med mjølkande kyr er at dyra skal ut på beiteareala helst to eller fleire gonger i døgnet. Gjennom beitesesongen blir transportetappen fjøs – beiteområde relativt hardt belasta- både gjennom trakkbelastning, men og ved tilførsel av husdyrgjødsel. Når ein i tillegg, i alle fall somme stadar i landet, må pårekne ein god del nedbør gjennom beitesesongen, kan resultatet bli ganske gjørmete.

Tekst: Flyfoto som viser områda til dåverande Engesetsetra beitelag på Sunnmøre. Beitelaget la stor vekt på å unngå opptrakking av sårbare område. Langsmed fleire av kanalane vart det opparbeidd driftsgater for dyra. På fleire av felta var det lagt til rette for at dyra vart slept inn på beitearealet. lengst vekke frå fjøsen, for så å beite seg heimover. Frå Skog og Landskap.

God beitedrift gjev høve til lave fôrkostnader

I store delar av landet kan småfe og storfe ha klima for beiting frå mai til oktober. Det kan utgjere over 40% av året. Det er også gjort registreringar som viser at beitande mjølkekyr har eit opptak av beitegras på 10 kg ts og høgare i beitesesongen. På mange gardsbruk kan det vere ei realistisk målsetting for beitedrifta at kua tek opp 30% av årsbehovet for grovfôr på beiteareala.

Statistikken frå husdyrkontrollen viser at om lag 10% av forseddelen i dag består av beitegras. Mange mjølkeprodusentar har truleg eit stort potensiale for betre lønsemd gjennom meir beiting. Likevel er det mange som synest det er vanskeleg å sjå at deira drift kan ha eit slikt potensiale.

Mange opplever beitedrift som utfordrande

Ei av utfordringane som blir nemnt er opptrakking og gjørmete område, m.a. i tilknyting til driftsvegane mellom fjøs og beiteareal og i områda inn og ut av beiteareala. Dei mange nye fjøsane med omkring 60 mjølkekyr er i tillegg ein ny situasjon for mange gardbrukarar; det at det er ei stor gruppe dyr som no skal vandre mellom fjøs og beiteområde.

Erfaringane frå drift av fellesbeita kan vere gull verdt

På 1980- talet vart det rundt i landet opparbeidd fellesbeite i mange bygder. Store areal på fjellet vart dyrka opp, det vart sett opp ei enkel fjøsbygning, og dyr frå mange buskapar vart samla til ein flokk. Gjerne frå 50 – 120 kyr. Mykje likt det som er buskapsstorleiken på mange av dagens robotfjøsar.

Løysingar som fungerte på fellesbeita

Nok og gode driftsvegar

I samband med etablering av fellesbeita vart det ofte dyrka opp areal, gjerne område med eit tynt torvlag over morene. Det vart dyrka opp relativt store samanhengande område med djupe opne kanalar mellom. Kanaloppkastet; undergrunnsjord med varierande samansetning av silt, sand, grovare partiklar, vart jamna ut oppe på kanalkanten. På dette kanaloppkastet vart det sletta til driftsvegar både for dyr og maskiner. Med ei tjukne på 20 – 30 cm på kanaloppkastet blir det etablert eit stabilt dekke, som når det blir pakka er hardt i overflata. Eit viktig poeng er at det ikkje blir blanda inn humus/organisk materiale i massen, samt at det må vere eit godt fall på overflata, slik at vatn ikkje blir ståande inne på dekket. Dersom det er mykje skarpkanta stein i kanaloppkastet, har det vore lagt ei stripe med fin natursand langs midten av driftsvegen. Denne stripa vart føretrekt av dyra.

 

 

 

Planlegg områda for inn og utgang av beitearealet

  1. Om mogeleg; legg inngang og utgang på høge (tørre) område i terrenget.
  2. Om mogeleg; legg til rette for å hindre at overflatevatn renn inn på området
  3. Sørg for godt drenerande trakksterk masse i ei vifte ved inngang-/utgangsomådet. Dersom ein ikkje har tilgang på slike massar sjølv, kan det vere aktuelt t.d. å opprette kontakt med entreprenørar i området for avtale om mottak av undergrunnsmassar av rett kvalitet. Vi ser no at det mange stader i landet er etterspurnad etter massedeponi.
  4. Dersom dette ikkje er mogeleg kan det vere aktuelt å vurdere å modifisere dette området
    1. Matte av drenerande grov flis i tjukne på + 20 cm. Her kan nemnast at det i Sverige er gjennomført forsøk med bark. Det fungerte ikkje. Det er viktig at flisa er så grov at vatnet drenerer ned gjennom matta. Det er lite erfaring med bruk av grov flis til slikt formål. Truleg må det skiftast ut etter nokre sesongar.


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.