Blir nok ikke vi som vinn NM i grovfôrdyrking

09.01.2019 (Oppdatert: 09.01.2019) Bjørn Steinar Skarbø

"Grovfôrkampen", uoffisielt NM i grovfôrdyrking, skal avgjerast rett over årsskiftet, men Jon Geir Selboskar og Per Ivar Skodjereite i Stordal Samdrift reknar ikkje med nokon NM-tittel. Til det har sommaren i vårt fylke vore altfor turr.

"Grovfôrkampen", uoffisielt NM i grovfôrdyrking, skal avgjerast rett over årsskiftet, men Jon Geir Selboskar og Per Ivar Skodjereite i Stordal Samdrift reknar ikkje med nokon NM-tittel. Til det har sommaren i vårt fylke vore altfor turr.

Det er nemleg størst avling og best kvalitet som tel, uansett vêr.

Og med 85 rundballar fordelt på tre slåttar av eit areal på 30 mål, ser dei ikkje føre seg å gå til topps. I alle fall ikkje på mengde. Avlinga på slåttane var slik: 25, 13, og 47.

- På den andre sida. Sumt av det er rimeleg konsentrert, seier Jon Geir og viser til tørrstoffinnhald i ballane frå andreslåtten på 55 %. Synd at vi har berre 13 av dei, legg han til.

- Tredjeslåtten berga mykje. Utan den hadde det vore skikkeleg gale, slår dei fast. Forprøvane frå tredjeslåtten er jamt bra, men med noko lite fiber. Derfor har dei kjøpt 100 halmballar frå Trøndelag Kvaliteten på dei er god.

 

Lite gjenvekst

No er dei spent på korleis det vil bli neste år, for gjenveksten etter tredjeslåtten vart moderat, mildt sagt. Ein søkkblaut september og ein mest like våt oktober sørgde for det.

- Det er vel berre å tinge raigrasfrø til neste år, seier Per Ivar som fryktar at fyrsteslåtten kan bli moderat.

- Vi skulle gjerne ha brakka meir no i haust for å kunne fornye meir neste år, men så snart tredjeslåtten var slutt, slo regnet til, og sprøyting var ikkje råd før det var for seint.

- Og så er det hjorten som tek sitt; noko som òg går kraftig ut over avlinga, om enn ikkje på stykket dei deltok med i Grovfôrkampen.

 

Del av "Grovfôr 2020"

"Grovforkampen" vert arrangert av landbruksnæringa med Yara i spissen. Det er ein del av "Grovfôr 2020". Kvart år vert det plukka ut fem-seks deltakarar frå ulike regionar som deltek. Med på laget er ein rådgjevar frå NLR.

Deltakarane vert målt på avlingsmengd og -kvalitet. Resultatet vert ikkje korrigert for ver- og klimatilhøve. Det er berre vinnar som vert kåra. Dei andre vert ikkje rangert.

I fjor deltok John Bjarne Lie frå Aure med Gunn Randi Fossland som rådgjevar. Rådgjevar for Stordal Samdrift i år var Jon Geirmund Lied.

 

Avslappa

- Vi tek det nokså avslappa, seier Jon Geir. Når sommaren vart som den vart, såg vi fort at vi ikkje hadde store sjansen. Det er visst helgelendingen som ligg best an, men sørlendingen skal òg ha gjort det bra med fire slåttar.

- Det som er kjekkast, er i grunnen å kunne samanlikne seg med andre som er i liknande situasjon, seier Per Ivar.

 

Vatning

Turken var utfordrande også i Møre og Romsdal og i Stordal. Mykje av jorda til Stordal Samdrift er lett sand / grusjord og såleis tørkesvak.

- Sesongane er slik dei er, og det er lite å gjere med. Vi lurte på om vi skulle vatne, men hadde ikkje utstyr disponibelt og rakk det heller ikkje. Jon Geir har rett nok slikt utstyr på eigen gard, men det var heile tida oppteke med vatning av jordbæra.

- Eg tek vatnet frå ei lita elv. Til slutt var det så lite vatn i elva at eg måtte grave ei grop i botnen for å samle det som var, og legge flugenetting rundt inntaket så det ikkje skulle bli fullt av småkræ, seier han.

- Det er no elles slik at vi oftare regnar vekk enn turkar vekk, seier Per Ivar, og det vil vere ein del praktiske vanskar og kostnader knytt til å ta vatn frå Storelva.

Det er heller ikkje sikkert det hadde vore populært å seinka vasstanden ytterlegare midt i sesongen i ei lakseelv lita nok som det var.

 

Ny og gammal eng

- Men noko vi har sett i år er kor stor skilnad det er i avling mellom ny- og gammal eng. Det er ein tankekross. Per i dag fornyar dei enga ca. kvart tiande år. Det medfører snuing av rundt 60 mål årleg.

- Vi ser at vi skulle fornya hyppigare, seier Per Ivar, men med mykje stein i jorda, knapt med tid og utslite steinutstyr, har dei måtta avgrense seg. No har dei registrert at maskinentre-prenøren som køyrer ut gjødsel for dei med slangespreiar, har investert i ny kombinert steinrive og steinplukkar med 6 m arbeidsbreidde. Med den ser dei føre seg at dei kan få bort steinen i ein fart og dermed betre tid til jordarbeiding. På den måten opnar det seg moglegheit for hyppigare fornying av enga og dermed mogeleg auka gorvfôravling.

- Tunge maskiner røyner på jorda, og sjølv om den vi har er beresterk, bør den nok fornyast oftare. Ei anna utfordring er vassarve, og den er seig å bli kvitt. Dette trur dei kan tilskrivast bruken av traktorrive i slåtten.

 

Positiv

Utbyttet av å vere med i "Grovfôr 2020" synes dei er positiv så langt.

- Avlingsnivået har stått stilt dei siste 40-50 åra, så det er viktig å prøve å auke dette, konkluderer Jon Geir Selboskar og Per Ivar Skodjereite.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.