Modellverktøy for vurdering av biogassanlegg

30.12.2017 (Oppdatert: 24.01.2018) Jon Geirmund Lied

Landbruk Nordvest i samarbeid med NIBIO Tingvoll og NORSØK fekk i 2015 økonomisk støtte frå Fylkes-mannen i Møre og Romsdal og Regionale forskingsfond Midt-Norge til å utvikle eit slikt verktøy. Arbeidet vart ferdigstilt i februar 2017. Fleire landbrukskontor i Møre og Romsdal bidrog også i arbeidet. Landbruk Nordvest var prosjekteigar.

Husdyrgjødsel, her frå Stordal samdrift er ei aktuell råvare inn i biogassreaktorar, før den blir nytta som gjødsel på åker og eng, då som biorest. Foto: Ingvar Kvande, NORSØK.

Innleiing

Myndigheitene ynskjer ein reduksjon i klimagassutsleppa frå landbruket, samt at 30 prosent av husdyrgjødsla i Norge innan få år skal gjennom ein biogass­reaktor. Dette vil krevje ei stor utbygg­ing av biogassanlegg rundt i landet, ikkje minst i dei husdyrrike delane.

 

Det er derfor stort behov for meir kunnskap om flaskehalsane i samband med etablering av biogassanlegg i Norge, der til dømes transportkostnader og logistikkutfordringar for husdyrgjød­sel og biorest er viktige problem­stillingar.

 

Det er dessutan behov for eit verktøy som relativt enkelt kan modellere potensielle biogassprosjekt bygd på norske/lokale føresetnader.

 

Hovudproblemstilling

I dette prosjektet var målsettinga å tilpasse til norske forhold eit svensk utvikla modellverktøy for lønsemd for biogassanlegg. I arbeidet tok vi utgangs­punkt i tre aktuelle lokalitetar i Møre og Romsdal. Det var behov for å skaffe fram data for kvalitet av aktuelle norske råstoff, og då særskilt husdyrgjødsel. Kva er tilgang til,  tørrstoffprosent og transportkostnadar for husdyrgjødsel? Kva er temperaturen i gjødsellagra i forhold til land lenger sør? Vil vårt kjøligare klima påverke denne tempera­turen, og dermed potensiale for klima­gassutslepp? Kor mykje biorest kan handterast lokalt både i forhold til tilgjengeleg spreieareal, og i forhold til kostnader? Kan avvatning av husdyr­gjødsel og evtuell. biorest vere aktuelt, for å betre lønsemda for eit biogassanlegg?

 

Funn/resultat/headlines

Analysar av husdyrgjødsel frå mjølke­kyr viser stor variasjon i tørrstoff­innhald, der opne lager samt mjølke­robot halverte tørrstoffinnhaldet i gjødsla i forhold til tette lager. Høg tørrstoffprosent vil vere gunstig i anlegg der husdyrgjødsel utgjer ein stor del av råstoffet. Analysane viste også så store variasjonar i nitrogeninnhald at det truleg må takast omsyn til ved vurder­inga av C/N forholdet i substratet.

 

Nokre få temperaturregistreringar i gjødsellager indikerer at temperaturen i gjødsla er lågare under våre forhold enn lenger sør i Europa og det vart funne betydelege temperaturforskjellar mellom sommar og vinter. Utrekningar for klimagassutslepp tek ikkje høgde for det per i dag.

 

Behovet for oppvarmingsenergi for anlegga vart berekna, likeeins tilgangen på husdyrgjødsel samt anna råstoff frå nærområdet . Det vart gjort vurderingar om transportkostnader for husdyr­gjødsel. Tilskotet til husdyrgjødsel brukt i biogassanlegg dekker kostnadene til inntransport av husdyrgjødsel i avstand om lag 15 km frå biogassanlegget.

 

Mengda biorest frå anlegga vart vurdert i forhold til spreieareal i husdyrrike område. På mindre anlegg med relativt stor del husdyrgjødselråstoff i forhold til andre råvarer vil ein oftast finne spreie­areal for biorest i akseptabel avstand (inntil 15 km) frå anlegg. For større anlegg er lokal utnytting av bioresten ei betydeleg utfordring.

Avvatning av husdyrgjødsel og biorest vart vurdert. På anlegg med stor del husdyrgjødsel­råstoff kan avvatning før inntransport vere aktuelt. Avvatning av biorest er aktuelt for større anlegg med liten del husdyrgjødselråstoff. Mekanisk avvatning er berre aktuelt om ein får utsleppsløyve for den våte delen.

 

Modelleringsverktøyet er forenkla, verdiar for biogasspotensiale er kvalitetssikra og aktuelle lokale råstoff (fiskeslam) er lagt inn i databasen. Andre stader har ein observert ein samhandsamingseffekt mellom husdyr­gjødsel og andre råstoff, men denne er foreløpig for lite dokumentert til at den er teke inn i verktøyet. Det er lagt inn fane som bereknar tilskot for leveranse av husdyrgjødsel

 

Data frå dei tre lokalitetane er inn­arbeidd i verktøyet . Anlegg der ein kan oppnå store inntekter frå mottak av energirikt avfall (mat, fiskeslam, meieri), ser ut til å kunne vere økono­misk interessante, men m.a. kostnader knytt til handtering av biorest er ikkje vurdert.

 

Evaluering av prosjektet og vegen vidare

Prosjektet er i hovudsak gjennomført i tråd med intensjonane og det er kome fram informasjon som er verdt å ta vidare i nye prosjekt. Prosjektet vart noko justert, då det viste seg at energi­behovet til oppvarming var mykje større enn forventa, slik at tilgang på lokalt råstoff var for lite til å dekke energi­behovet innan økonomiske rammer.

 

Det er per i dag fleire initiativ i Møre og Romsdal for produksjon av biogass, både i større og mindre skala. Volda og Ørsta reinhaldsverk og Møre Biogass er to aktørar som tenkjer større anlegg og produksjon av drivstoff frå biogassen. I tillegg er det fleire forprosjekt på gong som ser på mindre einingar som samråtnar husdyrgjødsel og anna substrat og som tenkjer å utnytte gassen til varmeformål. Vurderingane som er gjort i dette prosjektet vil kunne være til god nytte for desse initiativa, for mellom anna i samråd med gardbrukar­ane å vurdere kor mykje av og korleis spreieareal kan takast i bruk for utnytt­ing av biorest. Det vil i den samanheng også være av stor verdi i større utstrek­ning å ta i bruk metodane som er etablert for å sjå på råstoffkvalitet og temperaturmåling i lager/vurdering av klimagassutslepp.

 

Landbruk Nordvest og NORSØK nyttar no dette verktøyet til aktørar som vurderer bygging av biogassanlegg. Etter at verktøyet var ferdigstilt på nyåret 2017 har det vorte nytta i sam­band med prosjekteringsarbeidet i fem prosjekt, både i Møre og Romsdal og nabofylke.

 

Frå Landbruk Nordvest deltok Bjørn Steinar Skarbø, Nina Iren Ugelvik, Sverre Heggset og Jon G. Lied i prosjektarbeidet

 

Frå Nibio/Norsøk deltok Ingvar Kvande samt forsøksteknikar.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.