Dei fleste konflikter i verda skuldast mangel på mat, vatn eller begge deler

20.12.2018 (Oppdatert: 08.01.2019) Bjørn Steinar Skarbø

Norddal kommune hadde sett jordvern og matvaretryggleik av forsvars- og beredskapsomsyn på kartet då dei markerte okkupasjonsdagen 9. april med konferanse i "Martin Linge-huset" i Valldal.

Norddal kommune hadde sett jordvern og matvaretryggleik av forsvars- og beredskapsomsyn på kartet då dei markerte okkupasjonsdagen 9. april med konferanse i "Martin Linge-huset" i Valldal.

Det var henta inn tunge aktørar til konferansen: Tidligere forsvarssjef Harald Sunde, krigsveteran og forfattar Ragnar Ulstein, fylkesmann Lodve Solholm og landbruksdirektør Frank Madsøy. Programleiar var tidligare NRK-journalist Geir Helljesen. I tillegg møtte politikarar frå Mørebenken til paneldebatt.

 

Frammøtet av publikum var stort. Både folk flest og sentrale representantar for kommune, fylke, stat, næring og organisasjonar.

 

Stadig raskare omveltningar

Harald Sunde drog opp trugande perspektiv for utviklinga i verda. Konfliktane er mange og det er potensiale for enno fleire. Omveltningar skjer i stadig hurtigare tempo og konflikter utviklar seg stadig raskare. Dette samstundes som verdas folketal veks. Derfor er matvareberedskap vel så viktig som militær beredskap, slo han fast.

 

Tilgang på matvarer er i tillegg den viktigaste årsaka til fred og ufred, hevda han vidare. I lys av dette er vår sjølvforsyningsgrad på 37 prosent uforsvarleg i eit forsvars- og beredskapsprespektiv.

 

Oppå dette har cyber-utviklinga gjort at avstandane har minka, konflikter kjem tettare på og at Noreg i høgste grad er ein del av verda og ikkje eit freda hjørne i nord. Ikkje minst på grunn av den aukande interessen det er for nordområda både på grunn av naturressursar og bruken som transportåre.

 

Så er det faktorar som aukande terrorisme, auka atomrisiko, klimaendring med våtare og villare i nord, tørrare og varmare rundt ekvator.

Av forsvars- og beredskapsomsyn er det derfor uforsvarleg å halde fram å bygge ned matjorda, konkluderte han.      

 

Jordvern er ei nasjonal interesse

Landbruksdirektør Frank Madsøy følgde opp Harald Sunde og trekte fyrst fram årstala for tre dramatiske hendingar som skuldast matmangel. 1789 med den franske revolusjon, 1917 med den russiske revolusjon og 2010 med den arabiske våren.

- Den franske revolusjon kom etter hungersnaud ein meiner skuldast eit stort vulkanutbrot på Island seks år tidlegare, fortalde han.

 

Madsøy sa at to ulike regjeringar har slått fast at jordvern er ei nasjonal interesse og eit samfunnsansvar. Han peikte på målet som er sett om at nedbygging av matjord skal ned til 4.000 dekar per år etter 2020. - Vi er ikkje der enno, men vi er på veg.

 

- Ser vi framover, skal jordas folketal stige frå 7 til 9 milliardar fram til 2050. Om ein i tillegg har som mål at alle skal ha eit rimeleg bra kosthald, må matproduksjonen i verda aukast med 60 prosent, og det er frykteleg mykje.

 

- Er det mogeleg, ville programleiar Helljsen vite.

 

- Vi må prøve. Kanskje kan den teknologiske utviklinga hjelpe oss, men eg veit ikkje.

 

Beredskap hos kvar einskild

Fylkesmann Lodve Solholm kom inn på behovet for å styrke beredskap og førebyggje skader som følgje av klimautvikling der fjorårets flaum i Utvik var eitt eksempel på kva hendigar som oppstår.

 

- Beredskap er Fylkesmannen sitt ansvar i Møre og Romsdal, slo han fast, men vi kan berre lukkast dersom den indre beredskapen hos kva einskild saman med medmenneskelegheit overfor dei som vert råka, er på plass.

 

Gripande appell

Det mest gripande var å høyre Ragnar Ulstein sitt vitnesbyrd om forsvarsvilje og matvaretryggleik.

 

- Vi må bygge ei søyle av fridom som alt må tilpassast, slo han fast, og i lyset av dette ser eg jordvern som ei viktig sak, sa 98-åringen. Det er å svikte sitt eige samfunn å byggje ned jordvernet.

 

Han kom òg med sterk kritikk av styresmaktene sin innsats før 9. april 1940. "Ein skammens dag i vår historie", kalla han detdet, og hevda at om Noreg hadde hatt forsvaret i orden, ville ein unngått det som vart følgjen.

 

- Til og med eg som 18/19-åring skjønte kor gale det var med offiserar som ikkje hadde lært seg offensiv krigføring, soldatar som mangla våpen og ammunisjon og politikarar som ikkje hadde stått opp mot Hitler.

 

Til slutt appellerte han til ungdommen om å innrette seg slik at dei ikkje skadar grunnen dei går på, men satse for ei best mogeleg framtid og heile tida arbeide for fred og fridom.

 

Martin Linges minnepris

Ragnar Ulstein fekk i tillegg utdelt den fyrste "Martin Linges heiderspris" frå Norddal kommune. Prisen vart også tildelt Joachim Rønneberg som ikkje hadde høve til å vere til stades.

 

- Begge viste mot og styrke det står stor respekt av, sa ordførar Arne Sandnes som delte ut prisen.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.