Beitefylket Møre og Romsdal

10.01.2020 (Oppdatert: 10.01.2020) Jon Geirmund Lied, Nina Iren Ugelvik

Bruk av både inn- og utmarksbeiter har stått sterkt i Møre og Romsdal opp igjennom tidane. Korleis er så ståa i dag?

Flott fjellbeite så langt ein kan sjå.

Beitedrift- ein tusenårig tradisjon i Møre og Romsdal
Dei eldste spora etter seterdrift finn ein heilt tilbake til bronsealderen på Vestlandet. I følgje arkeolog Kristoffer Dahle (Kulturavdelinga Møre og Romsdal) er det også slik i Møre og Romsdal, men her finn ein mange spor etter seterdrift over heile fylket frå vikingtida.


Beiting var ein viktig del av gardsdrifta utover i mellomalderen, og auka heilt fram til midt på 1800 talet. I verdsettinga av gardsbruka, var store utmarksrettar sett på som svært viktig.
Frå siste halvdel av 1800 talet vart det mindre utmarksbeiting, og seterdrift minka dramatisk etter 2. verdskrig, då kulturbeita gjorde sitt inntog i landbruket.
Kulturbeita låg oftast inn mot innmarksareala, var rydda for skog og kratt, innegjerda og tilført gjødsel. Tilgang på handelsgjødsel, nedlegging av bygdemeieria, større mjølkeproduksjon, og aukande mekanisering i landbruket m.a. mjølkemaskina, var forhold som gjorde den tradisjonelle seterdrifta mindre aktuell i forhold til å halde dyra heime gjennom sommaren.

Etter opptrappingsvedtaket i 1975 vart det igjen aukande interesse for beiting av mjølkedyr, sjølv om det samstundes utvikla seg ei driftsform der storfeet stod oppstalla inne heile året på mange bruk.
Utover på 1970 talet fekk vi ei organisering av beite drifta gjennom beitelag, først for sau, men etter kvart også for storfeet. Færre husdyrhaldarar, ønske om meir rasjonell beitebruk, med tilrettelegging og organisering av tilsyn og sanking gjorde at beitelaga vaks fram. I Møre og Romsdal var det i 2015 62 beitelag for sau og 31 for storfe.


I alle delar av fylket vart det i perioden 1975 – 1985 opparbeidd fellesbeite. I ein 30 års periode var desse avgjerande viktig for å oppretthalde produksjon av sommarmjølk i Møre og Romsdal. Etter at mjølkeroboten vart introdusert tidleg på 2000 talet har mange fellesbeite blitt oppløyst. Somme stadar har areala gått ut av drift, medan dei andre stader blir nytta til produksjon av vinterfôr, eller som innegjerda beiteområde for ungdyr og tørrdyr.

 

Beitedrift i Møre og Romsdal i dag

Om lag 4,5 % av arealet i Møre og Romsdal er jordbruksareal med totalt 656.000 dekar dyrka mark. Av disse er fordelinga 503.000 dekar fulldyrka, 13.000 dekar overflatedyrka og 140.000 dekar innmarksbeite. Grasproduksjon og beitebruk står sterkt i fylket vårt, der 80 % av jordbruksarealet går til grovfôrproduksjon (432.000 dekar) og 16 % til bruk av innmarksbeite (85.000 dekar). I tillegg er det ein del beiting av areal som nyttast i kombinert slått/beite regime eller er registrert som utmark (NIBIO, juni 2017). Innmarksbeiteareala ligg spredt om i heile fylket, frå fjellbeiter høgt til fjells til beite i strandsona.


I Møre og Romsdal er det ifølge Landbruksmeldinga 2018-21 (Fylkesmannen i Møre og Romsdal) tendens til auka bruk av beiteareal både av storfe- og sauebesetninger igjen etter fleire år med nedgang. Det gjelder både for inn- og utmarksbeiter. Landbruksmeldinga 2018-21 har som videre mål og øke beitebruken i fylket. Flaskehalser som gjer beiting vanskeleg skal fjernast og samarbeid om beitetiltak skal styrkast. Og potensialet til å utnytte beiteressursen vidare er her. I 2017 var det 55.000 dekar innmarksbeite som låg brakk i fylket. Samtidig er det mulighet for å forbetre kvaliteten på ein god del beiteareal som allereie er i bruk.


Beiting gjev det billigste fôret i og med hauste- og lagringskostnaden utgår, samt eitt meir næringsrikt fôr enn gras haustast på eit seinare vekststadium. Ein får og utnytta areal som på grunn av arrondering eller skrinn jord ikkje lar seg hauste maskinelt. Samtidig er ein med på å ivareta kulturlandskapet som har blitt utforma over lang tid i fylket. Eit kulturlandskap  krev vedlikehald for å hindre forringelse. Ulike tilskuddsordninger som f.eks. Produksjonstilskudd, Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og Utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap er stimuleringstiltak for å ivareta bruk av inn- og utmarksbeiter. Men den viktigste brikken er gårdbrukeren. Eit godt beite gjer seg ikkje sjølv, her ligg det arbeid bak for å oppnå høgtytande og funksjonelle beiter. Å sjå verdien i å utnytte beiteareala i sitt driftsopplegg er derfor nødvendig.
Enkelte av beiteareala i fylket har utfordringar som blant anna går på arrondering, gjerdehold, leieforhold eller rovdyrskader. Å finne løsningar for disse kan vere utfordrande, men ikkje umuleg.

 

Denne artikkelen er eit utdrag frå beiteheftet som vart utarbeidd i 2019 gjennom prosjektet "Bedre og økt beitebruk i Møre og Romsdal".



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.