Beitedrift på omflødd beiteareal

09.01.2019 (Oppdatert: 15.01.2019) Nina Iren Ugelvik

Midt uti ytre Romsdalsfjorden ligg den vesle idylliske øya Tautra. No er det ingen fastbuande her, men likevel er mesteparten av jordbruksarealet på øya i drift, hovudsakleg takka vere Helge Øverås sitt engasjement.

Midt uti ytre Romsdalsfjorden ligg den vesle idylliske øya Tautra. No er det ingen fastbuande her, men likevel er mesteparten av jordbruksarealet på øya i drift, hovudsakleg takka vere Helge Øverås sitt engasjement.

Helge Øverås har 120 vinterfôra sauer av rasen norsk kvit sau (NKS) som i beitesesongen blir til om lag 230 dyr som får tilbringe sommaren på øya. Etter vårlamminga startar dyretransporten med båt over fjorden første helga i mai, for så å halde på med puljefrakt dei tre neste helgane. Båten, med det spenstige namnet Sjøindianaren II, tek omlag 15-17 dyr med på kvar tur.

 

– Det er nok ingen her omkring som har så mange turar over fjorden til øya no som eg, seier Helge når vi tek turen utover. Det blir ein del turar før alle er sett ut på øya, samtidig er det tilsyn to til tre gongar i veka, av og til dagleg, utover sommaren. På hausten er det endå fleire vendingar over fjorden for å få alle heim, då lamma har lagt godt på seg og tek meir plass i båten. Likevel har ein berre opplevd ein gong at eitt dyr har enda i sjøen. Det var eit lam som gjekk i land, bråsnudde og tok ein symjetur rundt båten før det kom seg opp på land att.

 

Det byrja i det små

For akkurat 20 år sidan starta Øverås sin første beitesesong på Tautra med

20 - 30 sauer. Sidan har besetninga auka gradvis til no å vere rundt 120 vinterfôra sauer. Arealmessig har det og vore ei utviding. Dyra beitar no, på om lag 700 dekar. 170 dekar av disse er jordbruksareal, kor 130 dekar er fulldyrka. Jorda på øya er spesiell då den ligg i ei leirskiferåre som kjem ut i Romsdalsfjorden frå Trøndelag. Det gjer at jorda som er full av små skifersteinar, og er bæresterk og næringsrik.

 

Minuset er at jorda er så hard at før i tida leitte dei fram dei gamle staurhola frå året før når dei skulle hesje. Det var enklare enn å lage nye hol. Då er det særs imponerande at Øverås med hjelp frå søner og vener til no har satt ned totalt 3.5 km gjerde med handemakt. Einaste hjelpa til gjerdinga utanfrå er økonomisk bidrag i fleire rundar frå tilskotsordninga «Spesielle miljøtiltak i landbruket» (SMIL).

Ekstensiv eller intensiv?

Tal dyr som er på Tautra om sommaren, er justert ut i frå ønska beitepress. Tanken har vore å halde det jamnt nede utan at det skapar så stort press på beiteplantane at dei mistrivast. Innmarksareala er ikkje gjødsla eller kalka so lenge Øverås har nytta jorda. Over tid har difor beita endra plantesamansetting til å verte meir gras- og urterik. Då Helge tok til å bruke innmarksareala var der mykje mose, småsyre, engsoleie, sølvbunke og hundekjeks. Desse er nesten heilt borte i frå areala som no har vore beita over lang tid. Ein kan allereie sjå det på areala som berre har vore beita dei siste 5-6 åra at disse artane allereie er på retur i utbreiing. Samtidig ser ein at kvitkløveren har breia seg ut og vevd eit tjukt teppe i botn. Kvitkløvaren er beitesterk, samtidig som den gjødslar grasveksten rundt med å frigje nitrogen. Det hjelpar på når det ikkje vert tilførd gjødsel utanfrå.

 

Maskinparken står fint lagra i ein liten gjødselkjellar på øya og består kun av ein godt vedlikehalden Massey Ferguson 74- modell og ein Kverneland beitepussar. Å pusse over beita fleire gongar i sesongen er til eiga vinning for å friske opp beita att. Pussinga skjer etter vêr og vekst, og han unngår å gjere det i våte eller veldig tørre periodar. Avpussa gras blir liggande att, så det ikkje blir ført bort meir næring enn nødvendig. Samtidig gjødslar dyra naturleg gjennom sesongen. Dette ser ut til å fungere veldig bra.

Når ein påpekar til Øverås at han i realiteten driv økologisk på øya, kjem svaret raskt frå sjøindianeren sjølv.

– Eg kunne nok fått det godkjent som økologisk, men skal ein gjere det, bør ein tenkje heilheitleg og ikkje berre for jorda ein driv. Difor har det ikkje vore aktuelt å få det godkjent på papiret, sidan garden heime er meir konvensjonelt retta. Driftsopplegget på øya i dag er det som fungerer best i hans driftsopplegg, og økologisk tankesett er ein ekstra bonus.

 

Ein skulle nesten tru at det var ekstensivt drive, men Øverås er klar på at det er intensiv drift på dei ressursane ein har. Det ville ikkje ha vore privatøkonomisk eller samfunnsøkonomisk lønnsamt å hauste areala. Særleg med tanke på fraktkostnadane. Då tek han heller ut gode grovfôravlingar heime, og sparer dei areala for beitepresset og nyttar Tautra som sommarbeite. Og det gjev utslag på slakteresultata, sjølv om grasfloraen ikkje er av dei mest yterike plantane vi kjennar til. Men dyra et godt både på gras- og urteveksten, i fjæra, lauvskogen og elles i utmarka.

 

Øverås har bevisst skapt seg ein arbeidsplass der ute på dei ressursane som finnast.

- Ein må tenkje økonomisk ved å investere mindre enn kva ein kan hauste utbytte av. Slik er det med alt. Investeringa er å setje dyra ut der om våren, følgje opp med tilsyn og beitepussing før ein kan hente avkastninga om hausten med flotte lam som resultat. Likevel følar han at slik logisk tankegang er på tur ut då premissane og føringane som blir lagt i dagens samfunn, tek meir og meir avstand frå slike driftsmåter. Resultatet er at det blir investert meir enn kva avkastning ein får, og innsikta om god agronomi kjem i andre rekke.

 

Lamma vert plukkslakta frå august og utover når levandevekta ligg omkring

44 kg. Slakteresultata har vore gode til no med gjennomsnittleg R+ klassifisering. Øverås er klar på å gje kraftfôr til dyra kun dei siste vekene før lamming. Elles går det i grovfôr resten av året. Likevel har han eit luksusproblem med at alle søyane gjev for mange lam. Det kan vere fleire faktorar som påverkar tal foster, men han har spekulert på om kanskje beitene på Tautra gjev for sterk tilvekst på vaksne søyer og andre-års lam gjennom sommaren.

Beiteopplegget

Før utslepp vert dyra behandla mot både flått og innvendige parasittar. Det skjer og ei ny behandling i løpet av beitesesongen for å halde verknaden vedlike.

 

Arealet Øverås disponerer er inndelt i fem større beiteområde. Dei fleste har både inn- og utmarksareal. Sauen er allsidig i matvegen og et godt av både innmarka og skogsområda. Ut i frå tilveksten av skog ville areala snart vore attgrodd av småskog, om ikkje sauen var der kvart år.

– Bøyar eg ned ei grein frå trea er dyra raskt på pletten for å ete av lauvet.

 

Om våren er det fjorslamma som får sleppe først ut på øya, etterfølgt neste helga etter av fyrste pulje søyer som har lamma. Det er ein overflod av beitegras på våren, så dyra rekk ikkje ta unna, men frå august og utover blir det vanskeleg å gje nok beite. Då er det om å gjere og plukkslakte, medan dei eldre søyane får gå der til slutt.

 

– Eg er og klar på at areala skal få fred vinterstid så plantene får kvilt seg. Beitesesongen varar frå begynnelsen av mai til begynnelsen av oktober då dei siste eldre søyene hentast heim. Det er viktig å ikkje presse alle kreftene ut av plantane før vintermånadane, så dei kan yte like godt neste beitesesong.

På alle beita forutan eitt er det strandlinje og naturleg førekomst av ferskvatn. Sidan dyra og går i strandsona og et, får dei naturleg dekt salt- og mineralbehovet. I beitet utan strandsone er det sett ut salt- og mineralstein samt vatn i kar.

 

Omtanke for omgivelsane

Beiteopplegget er og til fordel for trua fugleartar som vipe, og ein ser fleire av sorten halde til på markane i det vi går over øya. Samtidig trivs sjeldne planteartar som til dømes jordnøtt i beita, då det ikkje vert gjødsla eller kalka noko særleg.

 

Vårmånadane er intense med lamming og vidare frakt ut til øya kvar helg i mai, så Øverås synes våren forsvinn fort utan at den vert satt pris på.

– Det er den finaste tida i året å kunne sjå overgangen i naturen frå vinter til vår, men med sauehald blir det vanskeleg å få nyte våren ordentleg. Trøysta er at ein ofte følar seg som ein landskapsmålar når ein kan få gå der ute på tilsyn og sjå på det opne landskapet eller lysspelet uti fjorden. Og den gleda får dei andre som besøkjer øya nyte som ein positiv ringverknad av langvarig beitedrift. Akkurat det verkar som ei ekstra belønning for å ivareta beiteopplegget på øya.

 

Det er lagt ekstra krefter i planlegging og kostnad med å gjerde vegnettet ute. Bakgrunnen er at ein vil imøtekomme grunneigarar og hyttefolk positiv så dei kan ferdast fritt utan å tråkke i saueskit. Samt at dyra får gå i fred på beitet. Folket ute på øya set verkeleg pris på det, og er positive til at det er beitedrift på øya.

– Dei tek kontakt om det er noko dei lurar på eller vil varsle frå om. Det kan t.d. vere antall lam på beite eller eit dyr som treng tilsyn. Ein tek seg derfor det ekstra bryet med å få til gode løysningar for begge partar så den positive dialogen held seg framover og. Det er ein vinn-vinn situasjon for oss alle seier Helge.

 

Tautra er også godkjent som Nasjonalt verdifullt kulturlandskap av Miljødirektoratet, etter ei landsomfattande kartlegging gjort ein del år etter at Øverås starta beitedrifta. Det har og vore ei nærare kartlegging av viktige naturtypar på delar av øya kor ein del av beiteareala er registrert som naturbeitemark og kystlynghei. Begge kartleggingane gjev ekstra motivasjon til å vidare skjøtte arealet, sidan arbeidet blir verdsett. Samtidig gjev det ei lita økonomisk påskjønning i form av årleg tilskot gjennom regionalt miljøprogram (RMP) . Naturen er likevel i stadig endring så kartlegginga av verdifulle naturtypar burde vore endå meir oppfylgd påpekar Øverås. Særleg når det er vanskeleg å sjå skilnaden mellom eit område som sjeldan naturtype, mot eitt anna område i nærleiken som ser likt ut og nyttast på same måten, utan å vere godkjent. Her er det difor forbetringspotensiale for landbruksforvaltninga med jamleg oppfølging og kartlegging.

Sjølv om Helge har i år runda 20. beitesesong på Tautra, blir det ikkje den siste. Driftsopplegget fungerar godt og han har ein støttande familie som hjelpar til ved behov. Øverås er dermed eit godt døme på at ein kan drive intensivt sjølv på beiteressursar som ligg tungvint til.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.