Krav til arealstørrelse på beite - lag en beitebruksplan

13.01.2020 (Oppdatert: 13.01.2020) Jon Geirmund Lied

Korleis sikre god skjøtsel av beiteareal for å oppretthalde den gode kvalitet?

Det er vanskeleg å tenkje seg sauehald i Noreg utan utmarksbeite.

Beite er ein stor ressurs
Vi kan dele beite inn i tre typar, innmarksbeite, kulturbeite og utmarksbeite der innmarksbeita igjen kan delast opp i fulldyrka og overflatedyrka areal. Bruk av fulldyrka og overflatedyrka areal til beiting ser ut til å auke i omfang av fleire grunnar. Det er behov for meir og betre vår- og haustbeite til sau og lam, kravet om at mjølkekyr skal ut på beite er gjort gjeldande og auke i talet på ammekyr.

 

Innmarksbeite
(fulldyrka og overflatedyrka areal)Når det gjeld omtale om bruk av innmarksbeite viser vi til temahefta utarbeidd av Norsk Landbruksrådgiving og Nortura.

Vi vil likevel sette fokus på temaet areal som går ut av drift. Dette kan vere areal med vanskeleg arrondering, areal som er ressurskrevjande å drifte, eller areal som går ut av drift grunna endring i driftsopplegg, t.d. fellesbeite for mjølkeku som blir uaktuelle å drifte grunna overgang til robotmjølking. Slike areal kan vere godte egna for intensiv beitedrift; dei kan ofte stellast (gjødsling- kalking- pussing) maskinelt, dei er ofte brukbart oppgjødsla, og dei har som oftast driftsvegar inn til areala. Det kan sjå ut til at største utfordringa for at slike areal skal bli nytta til beitedrift er behov for gjerdehald. Det trengst truleg også eit betre opplegg for avtaleverk mellom utleigar og leigar, samt eit system som koplar utleigar og leigar.

I ein eigen artikkel blir resultata frå eit forsøk med rehabilitering av eit tidlegare fellesbeite presentert.
For beitebruken i Møre og Romsdal er desse areala ein stor ressurs; areala ligg der nærast klar til bruk, med jamt over låge driftskostnader. Dei vil kunne frigjere beiting på innmarksareal som kan nyttast til produksjon av vinterfôr, dessutan vil dei også kunne forlenge beitesesongen.
I mange bygder vil det også vere positivt for kulturlandskapet at marginale areal ikkje gror igjen.

 

Kulturbeite
Kulturbeiteareala vil kunne gje store avlingar, dersom dei blir godt skjøtta. Truleg kan ein, ved optimal drift, rekne avlingar opp mot 70% av det ein oppnår på fulldyrka gammaleng. Utfordringa ligg ofte i at skjøtselen av slike areal kan vere arbeidskrevjande. Mykje kan gjerast lettare ved opparbeiding av driftsvegar inne på areala, slik at gjødsling, kalking og liknande kan bli utført med traktor. Ei stor gravemaskin kan greitt slette til 100 meter driftsveg pr time. Dette er ei god investering.


Det som då står att er skjøtselen av grassvoren og då først og fremst pussing av denne. Skal ein lykkast med dette arbeidet utan alt for mykje arbeid, må dyra sjølve gjere hovudjobben. Det er nok enklast å oppnå dette ved skiftebeiting. Vår oppgåve blir tilrettelegginga:


Beiting når graset er mest attraktivt for dyra.

Ha 21 – 24 dagar mellom kvar avbeiting. Ved skiftebeiting kan det då vere 7 – 8 skifte. Storleiken på skifta bør tilpassast storleiken på buskapen:

  • Vårbeite til sau: 0,9 – 1,2 dekar pr søye. Haustbeite: 1,5 – 2 daa
  • Vårbeite til ammeku (og mjølkekyr): 4-6 daa pr ku
  • Ungdyr storfe: 2-3 daa pr ungdyr

 

Styre beitinga.

  • Dyr med lågare krav til produksjon må ta jobben med pussinga.


Ved skiftebeiting

  • 3 dagar pr skifte med dyr på. T.d. 2 dagar til produksjonsdyra og 1 dag til pussedyra.
  • Bevisst forhold til den delen av jobben som dyra ikkje kan ta, t.d. fjerning av tistel og klunger.
  • Førebyggande arbeid er mest effektivt
  • Vegetasjon som dyra ikkje vil beite, må kuttast/pussast mekanisk

 

Ved beiting på ettersommar/ haust veks graset seinare, og ein kan la det gå lengre tid mellom beitingane.
Start beitinga av kulturbeita tidleg på våren. Då vil vegetasjonen vere smakeleg og bli beita, noko som gjev betre busking (fleire nye vegtative skot). Ved tidleg beitestart vil det ofte vere behov for noko tilleggsfôring. Første avbeitingsrunde bør vere gjennomført i løpet av 14 dagar.
Tilrådingane ovanfor forutset nok gjødsling rett etter at dyra er flytta frå areala.

 

Denne artikkelen er eit utdrag frå beiteheftet som vart utarbeidd i 2019 gjennom prosjektet "Bedre og økt beitebruk i Møre og Romsdal". 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.