Behov for tilleggsgjødsling i korn og potet.

01.07.2010 (Oppdatert: 04.03.2015) Ivar Bakken

Svært mykje nedbør 18. og 19. juni har ført til store næringstap i korn- og potetåkrane i Møre og Romsdal. Derfor tilrår Landbruk Nordvest no tilleggsgjødsling med for eksempel 20 - 40 kg kalksalpeter.

 

Tilleggsgjødsling i korn og potet

 

Mykje regn særleg natt til laurdag 19. juni gjer at vi no har fått så stort nitrogentap i korn og potetåkrane at mange må vurdere å tilleggsgjødsle med nitrogen og kanskje kalium. Vi tilfører vanlegvis mesteparten av næringa saman med såing / potetsetting om våren. I åkervekstane tek det lang tid før denne næringa blir teke opp. Derfor blir det store næringstap når det kjem regn i store porsjonar den første månaden etter såing / setting.

Dersom det har vore ein eller fleire periodar med meir enn 25 mm regn i løpet av 2 – 3 dagar etter at du gjødsla korn- eller potetåkeren, bør du no tilleggsgjødsle. I ytre og nordlege delar av fylket har vi til no hatt to periodar med mykje nedbør (11.-12. juni og 18. – 19. juli). I enkelte indre dalbygder slapp ein unna den første nedbørsperioden men fekk i staden svært mykje nedbør 18.- 19. juni.

Det er store lokale variasjonar i nedbørsmengdene. Derfor er det vanskeleg å vite kor mykje ein bør tilleggsgjødsle ulike stadar utan lokal nedbørsmåling. Dersom du meiner alvor med korn- eller potetdyrkinga bør du sjølv måle nedbøren i denne tida. Det er enkelt å måle nedbør. Felleskjøpet sel enkle nedbørsmålarar som er nøyaktige nok.  Dersom det kjem meir enn 25 mm nedbør i løpet av 2-3 døgn er altså faren for næringstap stor. Næringstapet blir større dess meir regn som kjem og dersom det blir fleire slike nedbørsperiodar

Ut i frå nedbørsmålingane vi har oversyn over meinar vi at dei aller fleste så snart som muleg bør tilleggsgjødsle med 20 til 40 kilo kalksalpeter. Det er størst behov på seint sådde åkrar. Dersom du veit at du har tilført berre akkurat med kalium bør du heller bruke 15 – 30 kg 22–2-12. Dersom du vel å bruke meir enn 20 kg kalksalpeter (15 kg 22-2-12) til potet bør du dele dette i to gjødslingar med ei vekes mellomrom for å vera sikker på å unngå for kraftig vekst som kan framkalle kolv.

Det er viktig at tilleggsgjødsling ikkje blir gjort for seint. Tilleggsgjødsling bør skje så snart som mogleg (så snar det er kjørbart) etter slike store nedbørsmengder. Tilleggsgjødsling fram til og med tidleg strekning  av kornet går bra (til du ser første leddknute). Sein tilleggsgjødsling vil i korn gje lite utslag på avlinga. I potet vil det som regel vera aktuelt med tilleggsgjødsling så snart som muleg etter store nedbørsmengder heilt fram mot hypping.

Den som er interessert kan beregne tilleggsgjødsling basert på nedbørsmålingar i Surnadal, Tingvoll eller Linge ved å nytte nitrogenkalkulatoren på vips-landbruk.no som du finn på denne linken: http://lmt.bioforsk.no/agrometbase/ncalc/ . Ver da merksam at mange har fått meir nedbør enn desse stadane.

Ta gjerne kontakt med Landbruk Nordvest om du er i tvil: Sverre Heggset (971 45 445) eller Ivar Bakken (906 03 561).



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.