Vedtekter Landbruk Nordvest

(Oppdatert: 15.02.2017) Nina Iren Ugelvik

Vedtekter for Landbruk Nordvest SA.

Oppdatert etter ekstraordinært årsmøte 8. desember 2015

 

1 Organisasjon/verksemd

Landbruk Nordvest SA, org.nr. 984 468 822, er eit samvirkeføretak med vekslande medlemstal. Føretaket har forretningskontor i Molde kommune.

 

2 Formål

Landbruk Nordvest har som formål å fremje dei faglege og økonomiske interessene til medlemmene. Føretaket skal gi rådgiving og informasjon til medlemmene på dei landbruksrelaterte fagfelta. Føretaket tilbyr i tillegg ulike tenester til landbruket og til næringslivet elles, med hovudvekt på det medlemmene har behov for.

 

Landbruk Nordvest skal fremje det landbruksfaglege miljøet i distriktet.

 

3 Medlemskap

Alle enkeltpersonar og næringsverksemder med tilknyting til landbruket kan bli medlemmer. Alle medlemmer pliktar å betale ein kontingent som årsmøtet vedtek for kvart år.

 

4 Utmelding (og utestenging)

Utmelding skal skje skriftleg. Medlemskapen blir då avslutta med ein gong, men alt mellomverande må gjerast opp i samsvar med bestillingar og inngåtte avtalar. Utmeldinga må vere styret i hende seinast innan utgangen av januar for at medlemmen skal sleppe å betale kontingent for utmeldingsåret.

 

Ved utmelding har ikkje medlemmen krav på noko av formuen til Landbruk Nordvest SA.

 

Ein medlem som ikkje lenger fyller vilkåra for medlemskap, kan etter skriftleg varsel stengjast ute som medlem etter vedtak i styret. Medlemmen har då høve til å anke avgjerda til årsmøtet. Ankefristen er éin månad rekna frå det tidspunktet medlemmen er gjord kjend med vedtaket i styret.

 

5 Økonomi

Landbruk Nordvest SA er finansiert gjennom medlemskontingent, tilskot, prosjektinntekter og inntekter frå sal av tenester til medlemmer eller andre.

 

Medlemskontingenten blir vedteken av årsmøtet og består av grunnkontingent og produksjonsavhengig tilleggskontingent.

 

Den årlege kontingenten dekkjer generelle tenester, medan tenester som berre kjem nokre medlemmer – eller ei gruppe medlemmer – til gode, skal fakturerast særskilt.

 

Eit eventuelt overskot skal førast over til eigenkapitalen i føretaket, og kan ikkje gå til medlemmene.

 

6 Styret og dagleg leiar

Føretaket blir leidd av eit styre på minst seks, maks sju medlemmer. Dei tilsette har rett til å bli representerte i styret i samsvar med gjeldande lovverk, med styremedlem og varamedlem valde av og blant dei tilsette. Styremedlemmen går inn i styret etter ordinært årsmøte.

Styret held styremøte så ofte styreleiaren finn det nødvendig, eller når to styremedlemmer krev det.

 

Landbruk Nordvest er forplikta ved underskrift av styreleiar og dagleg leiar i fellesskap eller styreleiar og ein styremedlem i fellesskap.

Styret kan tildele firmateikningsrett.

 

7 Styreoppgåver og plikter

Styret har ansvaret for forvaltninga av verksemda. Styret skal leie Landbruk Nordvest i samsvar med vedtekter og årsmøtevedtak, og forvalte midlane til organisasjonen.

 

Dei tilsette får lønn i samsvar med gjeldande avtalar om lønns- og arbeidsvilkår. Styret er næraste overordna for dagleg leiar.

 

Det er styret si oppgåve å kalle inn til årsmøte.

 

8 Dagleg leiing

Føretaket skal ha ein dagleg leiar som styret tilset og eventuelt avset. Dagleg leiar er ansvarleg for å leie føretaket og skal sørgje for at styrevedtak blir sette ut i livet.

 

Styret avtaler løn og instruks for stillinga.

 

9 Årsmøte og medlemsmøte

Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av april. Innkalling til årsmøte skal skje med minst 14 dagars varsel. Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret meiner det er nødvendig, eller dersom minst 1/10 av medlemmene krev det.

 

Medlemsmøte blir haldne i forkant av ordinært årsmøte i naturleg avgrensa område.

 

Årsmøtet skal:

1    godkjenne innkalling og sakliste

2    velje referent og to personar til å skrive under protokollen

3    behandle årsmelding og revidert rekneskap

4    vedta disponering av årsresultat

5    fastsetje kontingentsatsar for inneverande år

6    behandle styret sitt forslag til budsjett og arbeidsplan for inneverande år

7    behandle innkomne saker

8    gjennomføre val av:

A         leiar

B         styremedlemmer for to år

C         nestleiar blant styremedlemmene for eitt år

D         tre varamedlemmer i nummerrekkjefølgje for eitt år

E         ein medlem i valkomiteen for tre år. Valkomiteen består av tre medlemmer. Den medlemmen som har vore med lengst, er leiar av valkomiteen.

F          personlege varamedlemmer for valkomiteen for eitt år

G         val av møteleiar med varamedlem for eitt år

H         revisor

9     fastsetje godtgjersle til tillitsvalde etter tilråding frå valkomiteen

 

Val av leiar og styremedlemmer skal vere skriftleg.

 

Innkomne saker som skal behandlast på årsmøtet, må vere styret i hende innan 31. januar.

 

Årsmøtet vedtek instruks for valkomiteen.

   

10 Vedtektsendring

Forslag om endringar av vedtektene må vere sende til styret innan 31. januar. Gyldig vedtak om endring på årsmøtet krev tilslutning frå minst 2/3 av stemmene som er gitt.

 

11 Samanslutning

Styret kan fremje forslag om samanslutning med anna føretak. Saka skal behandlast på første årsmøtet og må gjerast kjend i innkallinga. Gyldig vedtak om samanslutning krev minst 2/3 fleirtal av stemmene som er gitt.

 

12 Oppløysing

Forslag om å løyse opp føretaket kan fremjast av styret. Vedtak om oppløysing kan berre gjerast av årsmøtet og krev 3/4 fleirtal av stemmene som er gitt, i to årsmøte etter kvarandre. Det siste årsmøtet som vedtek oppløysing, skal også velje eit avviklingsstyre.

 

Etter at alle økonomiske plikter er dekte, skal den formuen som eventuelt er att, bli ståande i inntil fem år i tilfelle ein ny organisasjon av same art og med liknande formål blir stifta. Desse midlane blir førte over til den nye organisasjonen. Om ein ny organisasjon ikkje er stifta innan fem år, skal midlane som er att, gå til allmennyttige formål innanfor norsk landbruk. Ei endring av dette leddet krev samtykke frå Lotteri- og stiftelsestilsynet for å vere gyldig.

 

Korleis ein skal disponere utstyr det er gitt mekaniseringstilskot til, skal drøftast med Norsk Landbruksrådgiving. Vedtak om oppløysing skal meldast til Norsk Landbruksrådgiving.

 

 

Vedtektene er vedtekne på årsmøte 31. mars 2009

Vedtekne med endring i § 1 på årsmøte 14. april 2010

Vedtekne med endring i § 6 pkt. 4, § 7 pkt. c og § 8 på årsmøtet 13. april 2011

Vedtekne med endring til samvirkeføretak på årsmøtet 17. april 2012

Vedtekne med endring i §3 i Ekstraordinært Årsmøte 6. desember 2012

Vedtekne med endring i § 7 på årsmøte 18. april 2013

Vedtatt med endring i § 1 under årsmøte 16. april 2015

Oppdatering iht forslag til normalvedtekter frå NLR vedtatt på ekstraordinært årsmøte 8.12.2015

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.