Erfaringsgruppene som har delteke i prosjektet var samla til beite- og engdag i månadskiftet mai/juni. Dette er grupper som etter kvart kjenner kvarandre godt, og som villig deler erfaringar med kvarandre, både av det dei har lukkast med, og det som har gått mindre godt. Denne dagen var det beitepraksis, gjødsling og eng som stod på programmet. Det var ei samling hjå Nils Vegard Kvam i Sogndal, og ei hjå Kristian Sætre i Feios. Når sauebønder samlast på denne tid så er det stort sett ein ting dei er opptekne av, og det er korleis det gjekk i lamminga. Når denne undringa var rydda av vegen var det tid for å fokusera på eng og beite.

Rådgjevar Gunnlaug Røthe frå Voss hadde samlinga i Feios og demonstrerte bruken av høymolestikkar. Elles vart det diskutert og artsbestemt mykje ugras, og handteringa av det. Rådgjevar Helena Elvatun var og med i Feios. Gjødsling fram til no, og vidare utover denne sesongen, var og eit heitt tema.

I Sogndal inviterte Nils Vegard til støls. Der fekk me sjå korleis beite og høgdeskilnaden vart utnytta etter kvart som våren går meir og meir over til sommar. Naturlege hindringar i terrenget var utnytta som skilje mellom beite, og etter kvart som det var nok mat, vart det opna ei ny grind til eit nytt beite. Slik flytta dyra seg sakte opp mot utmarksbeitet. Rådgjevar Marit Henjum Halsnes artsbestemte mykje ugras på vegen opp, og det vart utveksla erfaringar kring korleis ein heldt desse ugrasa i sjakk. Marit hadde òg fokus på indikatorplanter, noko som viste at det kunne vera noko sur jord enkelte stader.

Helleren
Her er det både ly og naturleg gjerde.
Beite med utsikt
Med Loftesnesbrui i bakgrunnen.
Kulturlandskap
Godt utnytta og ivareteke kulturlandskap.
Ny grind
Rask respons hjå sauene då dei oppdaga at det var opna ei ny grind.
Praten gar
Her gjekk diskusjonen i mekanisk eller kjemisk nedkjemping av ugras.
Naturtgitte resursar
Her er ikkje trong verken for hempe eller krok når kløfta i steinen held grinda. Men grinda må byggjast på staden etter dei naturgitte ressursane.
Engasjert gjeng
Engasjert gjeng på veg mot nye eng- og beitemarker.