All matproduksjon har eit visst klimaavtrykk. Men ved optimalisering av drifta på garden, kan ein redusere dette avtrykket mykje, samtidig som ein sparar kostbare ressursar. Her kjem ein klimahaldlingsplan til god nytte. Denne blir laga ilag med deg og din klimarådgjevar, og vil vera skreddarsydd for di drift.

Ein klimahandlingsplan, er eit produkt som inngår landbrukets klimaplan. Her skal ein redusere CO2 utsleppet til landbruket med 5mill. CO2 ekv. innan 2030. Noko som tilsvara omlag eit år med utslepp frå landbruket.

I denne planen er det skissert 8 punkt for å oppnå målet:

1: Utrulling av klimakalkulator og auka satsing på klimarådgiving

2: Meir klimavennlig og bærekraftig fôring, avl og friskare husdyr

  • Betre grovfôrkvalitet
  • Husdyravl innen storfe, småfe og gris
  • Friskare dyr gir lågare klimaavtrykk
  • Tilsetningsstoff i fôr

3: Fossilfri maskinpark

4: Fossilfri oppvarming

5: Betre bruk av gjødsla og god agronomi

6: Bruk av husdyrgjødsel som råstoff i industrielle biogassanlegg

7: Jorda som karbonlager

8: Ny klimateknologi revolusjonerer landbruket

I planteproduksjon/grovfôrproduksjon er målet å «Produsere mest mogleg mat med lågast mogleg utslepp av klimagassar per produsert eining». Her vil grøfting, avlingsregistering (kva haustar ein inn), gjødsling, frøbladningar, plantevern osv. spele ei viktig rolle for å nå målet

Etter årets jordbruksforhandlingar blir det gjeve full stønad for klimarådgjeving gjennom RMP. Dersom ein bur i Vestland fylke, vil ein i år også få dekka kostnaden av ein surfôrprøve om ein søker midlar til klimahandlingsplan i 2022. Det vil seie at ein får «gratis rådgjeving», og moglegheit til å få heilhetleg klimarådgjeving.

Ein kan også utføre klimahandlingsplanen i grupper. Ta kontakt med oss, so kan me laga til møte ilag.

Klimahandlingsplanen inneheld

  • kartlagde styrker og svakheiter i drifta
  • konkretiserte tiltak både i mjølkeproduksjon og grovfôrproduksjonen

Klimahandlingsplan utifrå:

  • din drift
  • ditt ressursgrunnlag
  • din motivasjon

Bestill klimarådgjeving her

Klimahandlingsplan