Mjøldogg er ein soppsjukdom me kjenner frå fleire kulturar. Me har årvisse angrep av mjøldogg på korn i vårt område. Sjukdommen er svært artsspesifikk, det vil sei at kvar kornart har sin eigen mjøldoggtype. Mjøldogg overlever berre på levande planter. Mjøldogg i kveite overlever på haustkveiten og kan gi tidlege angrep i vårkveite. Sidan det vert dyrka lite haustbygg i Noreg er truleg den største smittekjelda sporar som kjem med vinden frå Danmark og sør-Sverige i slutten av mai.

Angrepne planter får kvite, etter kvart grå, puter av soppvev på overflata av blad og bladslirer. Eit angrep tidleg i planta si utvikling kan gjera stor skade, medan mjøldogg etter skyting som regel har liten betydning.

Ulike sortar har ulik motstand (sjukdomsresistens), og val av sort kan vera eit ledd i bekjempinga. Om dei mest brukte 6-radsortane i vårt distrikt kan det nemnast at Heder og Rødhette er sterke mot mjøldogg, medan Brage er svak.

Mjoldogg foto e floystad NIBIO
Mjøldogg: angrepne planter får kvite, etter kvart grå, puter av soppvev på overflata av blad og bladslirer. Foto: E. Fløystad, NIBIO

Bladflekksjukdommane som me vanlegvis finn å åkrane i vårt område er byggbrunflekk, grå øyeflekk og spragleflekk. Smitten kan følga såkornet eller overleva på planterestar (halm og stubb) frå tidligare år. Soppen lagar sporar i fuktig vêr, og regnsprut spreiar den opp på dei nye plantene. Ved vedvarande fuktig vêr vil sjukdommen utvikla seg raskt. Me ser difor større angrep i år med mykje nedbør, og ved einsidig korndyrking.

Generelt er vekstskifte og pløying (nedmolding av planterestar) gode tiltak mot bladflekksjukdommane. Dei overlever på daude planterestar (halm og stubb) og einsidig korndyrking aukar smittenivået i åkeren. Etter to år utan korndyrking er det lite smitte att i jorda.

Smittepress og vêret er dei to faktorane som i styrst grad avgjer behov for å beskytta plantene med soppmiddel. Ved einsidig korndyrking kan det vera aktuelt med soppmiddel allereie i buskingsfasen, då kan ein nytta ein låg dose. Behandling med soppmiddel ved begynnande angrep vil redusera smitte vidare i åkeren. Fuktig vêr er naudsynt for at sjukdommane skal spreia seg vidare.

Behandlingsfristen for dei vanlegaste soppmiddela er 5 veker. Hos dei fleste betyr det at siste frist for sprøyting er fyste veka i juli. Sortane har ulik motstandskraft mot sjukdommane. Mot bladflekksjukdommane nemnd i denne artikkelen har Brage jamt over middels resistens. Både Rødhette og Heder er svak mot grå øyeflekk, og Heder er svak mot spragleflekk.

Spragleflekk foto e floystad NIBIO
Spragleflekk viser seg som mørke rødbrune nekrotiske bladflekkar. Soppen kan liggja latent i plantene utan å visa symptom og kjem fyrst til syne i blomstringsfasen. Tidlege infeksjonar av spragleflekk kan føra til avlingstap på 20% og gi dårlegare kvalitet på kornet. Foto: E. Fløystad, NIBIO
Gra oyeflekk foto e floystad NIBIO
Grå øyeflekk gir flekkar som fyrst er blågrønne og etter kvart tørkar inn og vert grå med mørkebrun kant. Flekkane kan veksa saman til større felt med daudt vev, og heile bladet kan visna. Det er ikkje uvanlig med avlingsreduksjon på 5 til 20% ved angrep av grå øyeflekk, og i ekstreme tilfeller kan avlingstapet bli høgare. Foto: E. Fløystad, NIBIO.
Byggbrunflekk foto e floystad NIBIO
Byggbrunflekk ser du som brune flekkar med gul kant på blad og bladslirer. Sterkt angrep av byggbrunflekk reduserer effektiv bladmasse som kan driva fotosyntese og ein kan få redusert avling og kvalitet, så mykje som 20-40% avlingstap er registrert i våte år. Foto: E. Fløystad, NIBIO.

Av skadedyr i korn er det vanlegvis berre bladlus som i enkelte år gjera stor skade. Me har to artar, havrebladlus og kornbladlus. Angripne planter vert hemma i veksten, og blad med mange bladlus kan krølla seg. Suging i grønne aks kan føra til dårlig utvikla eller tomme kjerner. Bladlusa produserer honningdugg, eit slags sukkerlake, som nedsetter fotosyntesen i kornplantene. Bladlusa gjer mest skade tidleg, me har difor lågare skadeterskel ved angrep tidleg.

Havrebladlusa ser me som regel i starten av juni. Dei første bladlusa sit lågt på planta. Den gjer størst skade på plantene før skyting, etter skyting flyr bladlusa vidare til forskjellinge grasartar. Det er aktuelt å sprøyta mot havrebladlus når ein i buskingsfasen finn 5 lus pr strå, eller ved skyting finn i snitt 10 lus pr strå. Ved teljing av havrebladlus tel ein lus på heile planta. Risiko for luseår med havrebladlus er størst i år med ein lengre varm periode på forsommaren.

Sjølv om namnet tydar på noko anna kan me finna havrebladlusa i alle kornartar, oftast i bygg og havre. Havrebladlusa overvintrar på lauvtreet Hegg og flyr inn i åkeren og spreier seg på eigne vinger. Det finst varslingssystem der ein tel havrebladlus på Hegg på vinteren for å kunne gi ein indikasjon på fare for angrep, men det sikraste teiknet er når ein registrerer bladlus på plantene.

Kornbladlusa angriper etter aksskyting, vanlegvis i starten av juli. Lusa sit høgt på plantene, i akset og på flaggbladet. Denne bladlusa lev heile livet sitt på planter i grasfamilien, av kornartane vert kveite og havre oftare angripen enn bygg. Kornbladlusa gjer skade i korn etter skyting, skaden vert størst i eller like etter blomstring. Etter gulning gjer den lite skade. Det er aktuelt å sprøyta når ein ved skyting finn meir enn 3 lus pr. strå eller ved avsluttande blomstring finn i snitt 10 lus pr. strå. Ved teljing av kornbladlus tel ein berre dei lusa som sit på flaggbladet og i akset.

Kornbladlus foto e floystad NIBIO
Kornbladlus. Foto: E. Fløystad, NIBIO.

Kjelde: Plantevernleksikonet

Delar av artikkelen var på trykk i Bondevennen nr 19/22.