Matematisk fordeling

Ofte er normalfordeling ein grei måte for å forklare fordelinga av eit statistisk materiale. Det er praktisk å gå ut i frå at data er normalfordelt, og mange statistiske metodar er basert på det. I matematikken finst det også metodar for teste om eit datamateriale er normalfordelt eller ikkje. Normalfordeling er likevel ingen regel utan unntak. Naturen bryt ofte sine eigne reglar.

Aksel figur 1
Figur 1. Dei blå søylene viser fordeling av år etter apriltemperatur i Lærdal 1999-2019. Den raude kurva viser korleis det ville ha vore med ei normalfordeling. Det er ein tendens til at apriltemperaturane er anten høge eller lave.

Apriltemperaturen

I klimastatistikken for enkelte månader kan ein av og til finne tendens til at temperaturen er enten høg eller lav. For apriltemperaturane kan ein ofte sjå slike utslag. Figuren viser midlere maksimumstemperatur for april i Lærdal. Den raude linja viser korleis ei normalfordeling ville vere. Dei blå søylene viser den faktiske fordelinga gjennom 21 år, og her ser ein at fordelinga dannar to tydelege toppar, temperaturane i april har ein tendens til å vere enten høge eller lave. Toppen på normalfordelinga ligg midt mellom dei to toppane. Det er berre eitt av dei 21 åra at gjennomsnittet har vore om lag på normalen. Liknande tendensar kan ein finne for andre klimastasjonar på Vestlandet.

I skiljet

April ligg i skiljet mellom vinter og vår, det er også bokstaveleg talt ei brytningstid i frukt og bær. Det norske klimaet er marginalt for fruktdyrking, skiljet mellom vinter og vår kan derfor bety mykje for avlingane det enkelte år. Høge maksimumstemperaturar i april vil gi tidlegare blomstring. Fordelen er at det gir ein lengre sesong i eit marginalt klima. Samtidig gir tidleg blomstring auka risiko for frost i blomsten og at det kan vere færre pollinerande insekt som er aktive.

Truleg ein fordel

Klimaendring har allereie gitt ein liten auke i middeltemperaturane, det er også sannsynleg at dette vil halde fram i mange tiår framover. Truleg er det større usikkerheit når det gjeld kva årstid temperaturhevinga vil vere størst. Det er også usikkert kva utslag dette vil gi i maksimums- og minimumstemperaturen. Ei generell temperaturheving og lenger sesong er truleg ein fordel for norsk frukt- og bærdyrking. Auka skilnad mellom maksimums og minimumstemperaturane kan derimot verte ei ulempe. Store temperaturskilnader på våren vil gi auka risiko for frost i blomsten. Tilsvarande kan høge temperaturar på vinteren føre til at knoppane vaknar til liv, etterfylgjande frost kan då gi frostskade i knoppane.