Frukt, bær, nøtter, oljevekstar, bokkveite, lin, karve, erter og kløver. Dei er alle døme på kulturvekstar som ved hjelp av pollinatorar kan produsere betre og større avlingar. Men, i ein artikkel om bier og blomar kjem me ikkje unna ei dveling ved seksuell reproduksjon.

Kjønna formeiring i blømande planter

Kjønna formeiring i blomsterplanter (angiospermer) skjer når pollen frå ein hannleg plantedel møter frø på ein holeg plantedel. Nokre blomsterplanter er tokjønna – med hannlege og holege organ på same individ, medan andre er enten hann eller ho. Nokre planter er sjølvfertile og kan bruke sitt eige pollen (men gir ofte større avlingar ved krysspollinering). Andre planter er sjølvsterile, og treng pollen frå andre individ for å kunne setje frø og utvikle frukt.

Pollinerande insekt

Blomar og bier har levd i skjønn foreining i lang tid. Dei har utvikla seg saman, gjennom koevolusjon, i meir enn 100 millionar år. Dette har gitt eit komplekst samspel og medavhengigheit. Ein pollinator er eit dyr som flytter pollen frå pollenberaren (hannorganet) til pistillen (hoorganet) på blømande planter. Dei utøver altså ei slags reproduksjonshjelp for plantene. Til gjengjeld får pollinatoren nektar (karbohydrat) og pollen (protein) frå blomane. Blant ville pollinatorar i Noreg har me mange villbier, inkludert 35 artar av humle, blomsterfluger og diverse andre insekt. Honningbia er den einaste som har vorte domestisert.

Honningbia

I Noreg nyttar me tre rasar av honningbie: krainerbie, brunbie og buckfastbie. Ein ønskjer ikkje å krysse rasar då dei reinavla bifolka har eit bestemt lynne og særeigne kvalitetar (sjå eigen forskrift om avlsfremmande tiltak på bier og kjenn ditt reinavlsområde!)

Honningbier er sosiale insekt - ei full kube har typisk 60.000 bier. Dei oppsøker blomar ved hjelp av ei usannsynleg god orienteringsevne (kommunisert til kvarandre gjennom ein åttetals-forma dans) og UV-syn. I blomane syg dei nektar (karbohydrat) og hentar pollen (protein). Dette et dei og fôrar til larvene sine.

Det er fleire grunnar til at det er nettopp honningbier som vert domestisert og fungerer som innleigd arbeidskraft i jordbruket:

  • Dei er svært presise og effektive i pollineringsarbeidet.
  • Dei gir oss biprodukt (utilsikta ordspel) som honning, voks og propolis.
  • Dei overvintrar i store tal! Bifolket kan overvintre med opptil 20 000 bier i kuba, til samanlikning kjem ofte villbier seinare i gang og tel færre individ i vår-bløminga. (Humler overvintrar som einslege dronningar og må byggje opp nye samfunn kvar vår. Solitære bier må rekke å klekke, pare seg og finne ein heim før dei kan starte pollineringsarbeidet.)
Bier pa yngeltavle
Honningbiene overvintrar bisterke og er klare til pollinering i hopetal så snart vårsola begynner å varme og blomar i hagar, felt og buskas vaknar til liv (foto: Heidi Eiken).

Pollinering som økosystemteneste i landbruket

Om lag 1/3 av matvekstane i verda får hjelp av insekt i pollineringa. Dei inkluderer mellom anna raps, rybs, nokre erteplanter, nøtter, frukt og bær. Som kjent er nokre av desse sjølvfertile, eller dei kan få pollen frå andre planter (krysspollinerast) simpelthen ved hjelp av vind eller vatn. Men ei tilstrekkeleg god pollinering kan gje betydeleg betre fruktsetting og betre avling, både kva angår kvantitet og kvalitet.

Pollinering er eit svært omfattande arbeid, så hjelpa me får frå insekta i jordbruket er svært verdifull. Ein vil helst ikkje tenke på kva me skulle gjort utan dei… På global basis observerer me ein skremmande nedgang av pollinerande insekt. Heime i Noreg manglar me detaljert statistikk men også mange av våre pollinerande insekt er raudlista. Uansett om det skuldast mangel på pollinatorar eller høg konsentrasjon av blomar, så veit me at i store tettplanta frukt- og bærfelt blir det sjeldan optimal pollinering om ein berre lit på vind og ville pollinatorar. Derfor leiger ein gjerne inn bikubar. For pollinering er nemleg ikkje ei enten-eller-sak; eit godt pollinert jordbær kan utvikle 400-500 frø.

Sjå for deg ein jordbærblom. Ein gul hårete ball omkransa av kvite kronblad. Sjølve «ballen» er fruktknuten og dei fine håra på den er pistillar, eller arr – dei kvinnelege kjønnsorgana til jordbærblomen. Og dei lengre stilkane med klumpar ytst, er dei mannlege kjønnsorgana; griflane med pollenknappar. Dess fleire mogne frø desto større og saftigare blir bæret.

Epleblomar kan òg ha fem pistillar som leiar ned i ein fruktknute med fem kammer og to frøemne i kvart kammer. Altså kan det bli til saman 10 frø i ein slik epleblom. Jo fleire befrukta frø - desto større eple.

Skeive og små frukter og bær er ofte eit teikn på ufullstendig pollinering. God pollinering er av stor betydning for kvalitet på frukta/bæret, men også for kvantitet fruktsetjing og innhausta avling!

3615920408 fa7c5fa990 o
Eit ufullstendig pollinert jordbær, eit såkalla "knartbær" (Chiot's Run, CC BY-NC 2.0).

Leige av bikubar

Tilgjengelegheit og kanal for leige av bikubar til jordbruksareal varierer rundt omkring i landet vårt. I nokre fruktdistrikt kan ein leige gjennom fruktlageret, men ein kan alltid ta kontakt med lokale birøktarlag. Bonden treng ikkje spesiell kunnskap om bier for å leige dei, då dyktige birøktarar er behjelpelege med levering, plassering og stell. Det bonden må å vere informert om, er verknaden av eventuelle sprøytemiddel på bier – les alltid etikett og ver ekstra merksam på preparat merka med biesymbol!

Me må setje pris på honningbiene då dei nok er dei mest driftige arbeidsfolka du kan ha på garden. Av dei 60.000 biene i ei fullt befolka (bifolka..?) kube vil om lag 10.000 vere ute og flyge av gongen. Det har blitt anslått at eit bifolk på ein heilt vanleg dag, kan pollinera over 30 millionar blomar (10 000 bier som tek 4 turar kvar og pollinerer 80 blomar på kvar tur. Tal frå Jan Peters, Fruitconsult). Ver ven og unngå å forgifte hjelparane våre med biegiftige sprøytemiddel. Sprøyting i blomstrande vegetasjon – det vere seg kultur eller ugras - er den viktigaste årsaka til forgiftning av bier.

Biesymboler
Døme på biesymbol som nyttast for å merke preparat som er giftige for pollinerande insekt (framtidig standard er nedst til venstre). Med tilhøyrande advarselsetning. Etter at ny plantevernforskrift i 2015 har me ikkje lenger ein spesifikasjon på akkurat kva biemerking medfører for bruk av preparatet. Nokre preparat har spesifikasjoner omkring bier.

Kor mange kubar treng du?

Ved leige av bikubar kan det vere lurt å ha ei formeining om kor mange kubar du treng. Sjå veiledande tabellar under. Men hugs at det må tilpassast kvar enkelt stad. Avvik frå normen (fleire kubar enn oppgitt) er naudsynt blant anna når

  • Tal blomster per dekar er uvanleg høgt (t.d. ved svært tett og høg planting)
  • I område eller periodar med mykje dårlegt vêr (begrensar biene sin flygeperiode)
  • I år med særleg kort blømingstid, t.d. ved varmt vêr.
  • Viss kubane ikkje kan fordelast jamt utover feltet (lenger flygedistansar)
  • Viss det er låg bistyrke i kubane (få bier i kvar kube)
  • Der andre vekstar konkurrerer med kulturplanta – t.d. freistande blomar av løvetann, selje eller bringebær som er opne på same tid.
  • Viss kubane kjem seint inn, etter begynt bløming

Kva angår plassering og fordeling, bør kubane stå ein varm og ljos stad i le for vind. Dei bør spreiast i feltet då dei normalt ikkje flyg lenger enn 3 km frå kuben, og pollinerer aller mest i ein radius på 1 km frå kuben.

Ein tilrår å unngå at andre vekstar blømer samtidig som den kulturen du ønskjer å pollinere. Biene kan nemleg bli distrahert og/eller velje å oppsøke andre meir freistande blomar om dei er tilgjengelege. Derfor kan ein gjerne slå anna vegetasjon som blømer samtidig som kulturen, men behalde det resten av sesongen då det kan hjelpe deg å tiltrekkje ville pollinatorar.

Informasjonen i tabellane over er rettleiande og henta frå:

  • Bier & blomster: et samspill med økonomisk og kulturell betydning. Norges Birøkterlag.
  • Kirkevold, Roar Ree (2013) Ingar'sis birøkt. R.R. Kirkevold.

Om å legge til rette for ville pollinatorar

Alle har å tene på å legge til rette for ville pollinatorar. Det gjeld anten ein dyrkar blømande plantar eller ei, om ein leiger bier eller ikkje. Ville pollinerande insekt betrar fruktsetjinga i produksjonsfelt, uavhengig av det er honningbier til stades, eller ikkje.​ Eit mangfald av pollinatorar kan bidra til meir stabil pollinering sjølv under utfordrande vêrforhold. Honningbier som leigas inn er litt ømfintlege på vêr og flyr ikkje i alle slags forhold. Ein tilrår å plante vegetasjon som blømer heile sesongen nær, eller i, frukthagen for å tilrettelegge for villbier og andre ville pollinerande insekt​. Sjå oversikt over humlevenlege planter. Dersom ein ynskjer å dra nytte av dei ville pollinatorane kan det vere ein god idé å sikre at ein har vekster i nærleiken som fungerer som næringskjelde tidleg om våren, t.d. selje eller andre salixartar. Lune sandhaugar appellerar til jordboande bier.

Det er verd å merke seg at nokre villbier gjer meir nytte for frukttre og bærbuskar enn honningbier. Dette fordi solitære bier er "buksamlarar"; pollenet festar seg laust i håra på kroppen og mykje vert avsett ved neste blomebesøk. Honningbiene derimot vil gjerne ha ein del av pollenet for seg sjølv og kuba si, og fraktar pollen fastklistra i pollenkurver (Honningbiene sin vedvarande fordel som pollinatorar i frukthagar er at dei er så talrike).

I område med stor tettleik av frukt/bærhagar vil nok ville pollinatorar spele ei mindre viktig rolle i den enkelte hage. I produksjonsfelt vert det nemleg svært høg tettleik av blomar i ein avgrensa periode, og innleigde kuber med honningbier kan vere ein nødvendig arbeidsstyrke. Det er altså i tettplanta område at det er mest aktuelt å bruke honningbier. Men det er svært sannsynleg at tilførsel av fleire pollinatorar har potensiale til å auke og betre avling alle stader i landet vårt, og i mykje slags vêr!

Høyr podkast-episoden om bier og blomar!

Her kan du få lytte inn på ein samtale med ein erfaren birøktar frå Sogn og ein fruktbonde i Hardanger.

Medverkande - Gullbia, Leikanger

Heidi og Anne Sigrid
Kuber pollinering Lomheim
Heidi med sverm